Hopp til innhold

Nedbørsrekorden glapp for Bergen

Med fattige 9,7 millimeter for lite vart det ingen ny nedbørsrekord i Bergen.

Masse vatn på Danmarksplass i Bergen

SØLVPLASS: 2017 går inn i historia som det nest våtaste året i Bergen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Det mangla 9,7 millimeter, seier vakthavande meteorolog, Kristin Seter, ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Vesle nyttårsaftan var det rundt ti millimeter igjen før ein kunne setje ny regnrekord i vestlandshovudstaden. Men fordi nedbørsdøgeret og året stoppar klokka sju om morgonen nyttårsaftan, rakk vêrgudane aldri å sleppa nok vatn over byen.

Nedbørsmålinga for 2017 stoppa på 3092 millimeter. Det nest våtaste året som er registrert i Bergen nokon sinne.

– 9,7 millimeter er ganske lite. Det er til dømes ein ganske normal mengde nedbør på ein dag. Veldig intenst kan det også komme i løpet av ein time. Men sjølv om det var nære, hadde vi ikkje sjans til å slå rekorden, seier Seter.

Dermed vert den to år gamle nedbørsrekorden på 3101,7 millimeter ståande. Den gongen måtte ein tilbake til 1967 for å finna like mykje nedbør i løpet av eit år i Bergen.

Dette var meteorologane si melding om rekorden søndag morgon:

Laster Twitter-innhold

Våt og vindfull nyttårsaftan

Søndag skapar eit lågtrykk utanfor Vestlandet utfordringar for nyttårsvêret.

– No er vi ganske sikre på korleis vêret blir i kveld, og det blir regn, seier Seter, som dermed stengjer alle moglegheiter for eit særleg vakkert syn når fyrverkeriet skal til vêrs ved midnatt.

– Det blir ikkje eit ideelt rakettvêr, nei. Regn og vind. Vi får trøyste oss med stjerneskot og kose oss inne, seier meteorologen.

– Det kjem eit lågtrykk som sender opp ein front med nedbør. Utover dagen blir det bygevêr, men på kvelden ganske så tett med nedbør, og ein god del vind. I alle fall stiv kuling utsette stader, fortel ho.

Regnskyll under arrangement på Bryggen

REGNHOVUDSTADEN: Bergensarane er godt vande med at himmelen opnar seg.

Foto: Mona Maria Løberg / Naturvernforbundet Hordaland

Rekordmykje i Masfjorden

Men det er ikkje alle som går glipp av nedbørsrekorden. På Frøyset i Masfjorden har det kome over 3400 millimeter nedbør i år.

Erik Riisnes

LEI REGN: Erik Riisnes ønskjer alle eit godt og tørrare nytt år i 2018.

Foto: PRIVAT

– Det er ikkje akkurat ein kjekk rekord å ta, seier Erik Riisnes.

Han har målestasjonen i hagen, og meiner å ha sett ei utvikling utover hausten når det gjeld nedbørsmengdene.

– Det har vorte større mengder nedbør, jamt over meir enn normalt. Førre veke målte eg 116,7 millimeter nedbør på eit døger, og det er det nest meste som er målt her sidan 1859, seier Riisnes.

Vêrmålaren fortel at den størte nedbørsmengda han nokon sinne han har målt var rundt tusenårsskiftet, då det var samla seg 128 millimeter i nedbørsmålaren i løpet av eit døger.

– Auken den siste tida overraskar meg. Det har vore ein våt haust og vinter i år. Jorda har ikkje vore skikkeleg tørr sidan jonsok i fjor. Dette har også avspegla seg i grasavlingar, og at bøndene har slite med å få avlingane i hus. Det har vore eit spesielt år, seier Riisnes.

– Så du håpar på litt mindre nedbør?

– Ja, for min del treng vi ikkje ein drope vatn meir før i mars eller april.