Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap AS har i sitt sjuande heile kalenderår etter opninga av Trekantsambandet hatt gode resultat, der både trafikk og inntekter har vore høgare enn i fjor.
Bomstasjonen på Frøyno hadde 1.889.756 passerande i 2008. Det er ei auke på 12,1 prosent i høve til 2007.
Selskapet si gjeld er i 2008 nedbetalt med 100 millionar, restgjelda for anlegget er no på kr. 497 mill. Betalte renter er 36,4 millionar.
I følgje prognosane vil Trekantsambandet vera nedbetalt i 2012/2013.