Nynorsk skal vera tenestemålet i Helse Vest, og difor skal skilt, konvoluttar og brevpapir vera på nynorsk.
Vil heller bruke pengar på pasientane
- Dette er pengar som heller skulle vore brukt på pasientane, seier informasjonsdirektør i Helse Bergen, Mona Høgli.
Kulturdepartementet har bestemt at helseføretaka må følgja mållova og at heile Helse Vest skal bruka nynorsk som tenestemål. Det betyr at Haukeland Universitetssykehus skal bli til Haukeland Universitetssjukehus. Eit utal med skilt på sjukehuset må dermed endrast. Og det vil kosta mellom 20 og 25 millionar kroner.
- Dette er veldig omfattande. Det er ikkje berre å byta ut eit par skilt utanfor inngangsdøra, seier Høgli.
Haukeland sjukehus må bruka mellom 20 og 25 millionar kronar på å byte skilt.Foto: John Gunnar Skien/NRK.
Må følgja lova
Jon Grepstad er informasjonsrådgjevar i Norsk Språkråd - organet som passar på at mållova blir fulgt.
- Skilta skal vera i samsvar med tenestemålet til helseføretaket, det betyr at skilta skal vera på nynorsk. Dei må bruka forma «sjukehus», seier han.
Sjukehuset ynskjer å følgja lova.
- Vi må retta oss etter mållova. Men vi håper det er forståelse for at helseføretaket er i ein vanskelig økonomiske situasjon og at det ikkje riktig å bruke over 20 millionar på å endre skilt, seier informasjonsdirektør Mona Høgli.
Økonomi er irrelevant
At Haukeland sjukehus ikkje synest det er god bruk av pengar å bruka millionar av kroner på nye skilt, uroar ikkje språkrådet.
- Det økonomiske argumentet er irrelevant, ein må følgja lover og reglar og kalkulera med det i budsjettet, seier Grepstad.