Normal

Arbeidsløysa i Hordaland: – Det er positive og overraskande signal

Arbeidsløysa held fram å stiga i Hordaland, men ikkje i same tempo som venta. – Overraskande positive signal, seier fylkesdirektøren i Nav.

Anne Kverneland Bogsnes

SER POSTITIVE TEGN: Anne Kverneland Bogsnes er fylkesdirektør i Nav Hordaland.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

I september var arbeidsløysa i fylket på 2,8 prosent av arbeidsstokken. Det betyr ifølge ferske tal frå Nav ei auke på 1403 personar samanlikna med i fjor.

Dei sesongjusterte tala syner at arbeidsløysa steig med 187 personar i september. Men Nav ser likevel nokre positive teikn.

– Vi ser at utviklinga i arbeidsløysa held fram men ikkje i det tempoet vi har sett føre oss i prognosane, seier fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Hordaland.

LES OG: Folk som mister jobben no, må tenkje nytt

Ho peikar mellom anna på at nedgangen i utlyste stillingar har bremsa opp og at fleire har meldt inn ledige stillingar til Nav.

– Ledige stillingar registrert av arbeidsgjevar har ein markert auke på 40 prosent. Det er veldig positivt. Vi ønskjer at alle stillingar skal lysast ut på våre nettsider, slik at alle kan vere med å konkurrera. Det er ikkje alltid tilfellet i dag.

Positiv utvikling i bygg og anlegg

Det er framleis flest ledige stillingar innan industriarbeid (1176) og bygg og anlegg (958). Men Nav trekk fram at det skjer positive ting innanfor sistnemnde industri.

– Det er framleis mange ledige, men tala har gått noko ned. Samstundes har talet på utlyste stillingar auka med heile 69 prosent. Det er positive og overraskande signal. Det er veldig gledeleg, kommenterer Kverneland Bogsnes.

Om tala framover seier Nav-direktøren at dei framleis reknar med auka arbeidsløyse framover.

– Vi føl nøye med og er veldig spente. Signala innanfor spesielt oljerelatert industri er jo framleis negativt. Vi har sett opp ein prognose med framleis auke utover hausten og resten av året.

Nøkkeltal for Hordaland, september 2015

September 2015

Endring frå september 2014

Heilt ledige

7788

1403

I prosent av arbeidsstyrka

2,8 %

+22 %

I ordinære tiltak

1144

+81%

Tilgang på ledige stillingar

1823

-5%