Hopp til innhold

Nav-kontor lukka dørane etter trugslar

Nav Bergenhus i Valkendorfsgaten har stengd dørene etter ein person truga dei tilsette.

NAV Bergenhus
Foto: 03030-tipsar

Det var like før klokka 10.30 at Nav bestemte seg for å lukke dørene og stengje i Valkendorfsgate 6. Ein person var trugande ovanfor dei tilsette.

– Dei ringde inn til oss og fortalde at dei var bekymra. Dei hadde fått telefon om at ein person var på veg, fortel operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt til NRK.

Stengde dørene

Han fortel at når politiet kom fram til staden, hadde personen sett seg som passasjer i ein bil og forlate staden.

Nav Hordaland har av tryggleiksårsaker stengt dørene. Utanfor står vektarar og passar på.

– Vi har forlate staden, avsluttar Kronen.

– Situasjonen er uavklart

Kommunikasjonsrådgjevar i Nav Hordaland, Cathrine F. Framholt, fortel at kontoret er stengd inntil vidare.

– Det er av omsyn til tryggleiken til dei tilsette. Det er ein brukar som vi opplever som farleg, og brukaren er kjent for oss frå før. Vi ser på situasjonen som så alvorleg av vi har valt å stenge.

Fylkesdirektør i Nav Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes, fortel at det var ein brukar som kom med alvorlege trugsmål. Kontoret er framleis stengd av omsyn til tryggleiken til dei tilsette.

– Me er veldig opptekne av å kome tilbake til ein normal situasjon. Det er jo mange av brukarane våre som ikkje får nytte tenestene våre, seier Bogsnes.

– Kva handla trugslane om?

– Det var alvorlege trugslar, men eg kan ikkje gå inn på detaljar, seier ho.

NAV ventar no på ei avklaring frå politiet før dørene kan opne att.