NRK Meny
Normal

Nattland skule vann Klassequizen i Hordaland

Elevane frå Nattland skule danka ut Ytrebygda og vann klart i fylkesfinalen i NRK sin Klassequiz onsdag.

Nattland skule vann Klassequizen

SKARPEST I HORDALAND: Marcel G. Sommerfeldt, Mari Ingeborg Hope Nesse og Ola Mustafa jublar over siger i Klassequiz.

Foto: Jørgen Eide / NRK

NRK har vore på besøk hjå 30 ungdomsskular i Hordaland og møtt til saman 90 elevar. Sidan nyttår har elevane svara på 360 spørsmål. Foran finalen i dag stod det to skular igjen – begge frå Bergen.

På laget til Nattland skule finn vi elevane Marcel G. Sommerfeldt, Ola Mustafa og Mari Ingeborg Hope Nesse. Dei møtte Wilhelm Ankar Kristiansen, Erling Kolstad Forland og Henrik Øvrebø, som representerte Ytrebygda skule.

– Finalen gjekk veldig bra

I salen sat elevar og lærarar frå kvar skule for å heie fram sine lag. Finalen vart sendt direkte på NRK.no.

– Dette gjekk veldig bra. Vi sleit kun med siste spørsmålet, seier Ola Mustafa fra Nattland skule etter at sigeren var eit faktum.

Begge lag sikre på siger

Marcel, Ola og Mari Ingeborg frå Nattland skule i Fana sa før finalen at det lå prestisje i å vinne dagens finale.

– Vi går for siger sjølvsagt, vi møter jo «bygda», smiler dei tre og legg til at dei har veldig lyst på ein tur til Oslo for å representera Hordaland i den store finalen i Klassequizen.

Wilhelm, Erling og Henrik innrømmer at dei var litt spente før alvoret byrja.

– Men vi er best, dette skal vi klare, slår dei fast.

Får spørsmål frå MGP-stjerne

I finalen fekk dei to laga 16 spørsmål, delt opp i fire kategoriar. Programleiarar var Helene Vassbotten Lervik og Espen Hatlestad.

Dei som stilte spørsmåla i dei fire ulike kategoriane er; ordførar Trude Drevland i Bergen, Carl Espen Thorbjørnsen frå Melodi Grand Prix, programleiar Malin Hovland Hellebø frå NRK-serien «Dyrevenn» og jentene i bergensbandet Razika.


Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.