Hopp til innhold

Natt med knivvald i Bergen

13 menn sit i fyllearresten etter ei natt med mykje uro i Bergen. – Julebordsesongen er i gang, konstaterer politiet.

Pågripen etter slagsmål på Narvesen

MANGE SLAGSMÅL: Det var fleire tilfelle av slagsmål – nokre med kniv – i Bergen sentrum natt til søndag.

Foto: Bergen Foto og media

Det har vore ei ganske vill natt i Bergen. Lista i politiloggen er eigentleg mykje lenger enn dette utdraget:

Klokka 23.00 Vågsalmenningen:. Ein godt rusa mann sett i arresten etter slagsmål. Skal ifølge vitne ha truga tilfeldige med kniv.
Klokka 23.30 Sandsli: Ein mann sett i varetekt etter vald mot sambuaren på eit arrangement.
Klokka 00.19 Småstrandgaten: Ein mann urinerte på gata. Forulempa politipatruljen då han vart tilsnakka. Blei sett i arresten.
Klokka 02.15 Torgallmenningen: Slagsmål med kniv på Narvesen. Mann pågripen og arrestert.
Klokka 03.01 Strandgaten: Slagsmål ved Burger King. Ein anmeldt og sett i arrest.
Klokka 03.46 Torggaten: Seks innblanda i slagsmål. To anmeldt, ein av dei arrestert for forulemping av politiet.
I 05-tida Nesttun: Ein mann sparka og slo på ein taxi.

– Dette er berre toppen av isfjellet. Politiets kapasitet er heilt sprengt, seier operasjonsleiar Hans Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Ingen alvorleg skadd

Han fortel at det har vore så mykje bråk at politiet i mange tilfelle berre har hatt høve til å pålegga folk å dra heim eller vekk frå sentrum.

– Mykje av forklaringa er nok at me er inne i julebordssesongen.

Knivtrussel ved Korskirken i Bergen

TRUGA TILFELDIGE: Fleire vitne seier ein mann med kniv truga tilfeldig forbipasserande på livet ved Korskirken laurdag kveld.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Han opplyser at ingen har blitt alvorleg skadd, men at eindel har fått blåveisar og kuttskader.

Dei som vaknar i fyllearresten får eit forelegg på 10 000 kroner.