Hopp til innhold

Bergen får nasjonalt senter for mat og helse

Helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) serverte valflesk av det sunne slaget då han besøkte Bergen i dag: Eit nytt nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet blir lagt til Høgskulen i Bergen.

Jonas Gahr Støre

LANSERTE NYTT SENTER: SV-leiar Audun Lysbakken og helseminister Jonas Gahr Støre vil ha sunnare barn og unge.

Foto: Jørge Eide / NRK

Barn drikker melk

VIKTIG Å STARTA TIDLEG: Det nye senteret skal bidra til gode matvanar blant barn og unge.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Saman med SV-leiar Audun Lysbakken la han fram regjeringa sine planar for korleis dei vil skapa betre matvanar og få friskare og meir aktive barn og unge.

Senteret skal dela og skapa kunnskap, og jobba spesielt mot barnehagar og skule.

– Det er viktig å starta tidleg, seier helseministeren, som viser til at norske 15-åringar er blant dei mest stillesitjande i Europa.

– God ernæring og fysisk aktivitet er også viktig for god læring, seier Støre.

Bergen peikte seg ut

Ideen til eit nytt nasjonalt senter kom i samband med Folkehelsemeldinga. Helsedepartementet har vurdert fleire aktuelle stader.

– Men det blei fort klart at HiB har eit spennande fagmiljø og det beste forslaget til eit nasjonalt senter, fortel Støre.

Han seier Helsedepartementet har store forventningar til det nye senteret.

Viktig for høgskulen

Ole-Gunnar Søgnen

NØGD HIB-REKTOR: – Senteret får stor betydning for Høgskulen, seier rektor Ole-Gunnar Søgnen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Ein stor dag, og ei viktig oppgåve for Høgskulen i Bergen, seier rektor Ole-Gunnar Søgnen.

Han trur dette vil vidareutvikla fagmiljøet ved skulen og deira kontakt med samfunnet.

Også studentane ved skulen vil få stor nytte av senteret, trur Søgnen. Mange av dei vil skriva prosjektoppgåver for det nasjonale senteret.

Høg kompetanse

I Bergen finst det alt i dag mykje kunnskap om dette fagområdet.

Universitetet har tung kompetanse innan ernæring og helse blant barn og unge. Mellom anna jobbar dei med ei internasjonal helsevane-undersøking blant ungdom.

Høgskulen sjølv driv utdanning av lærarar innan mellom anna faga Mat og helse og Kroppsøving. Dei utdannar også helsesøstrer og driv forskings- og utviklingsarbeid innan kosthald og fysisk aktivitet.

Helse Bergen sentrale

Helse Bergen vil også vera sentrale i samarbeidet om det nye senteret. Også her har dei høg kunnskap og klinisk erfaring innan ernæring og fysisk aktivitet.

Ved Helse Bergen er det også utvikla kurs som kan nyttast av det nye nasjonale senteret.

Les også: