Hopp til innhold

No er nasespray mot overdosar i bruk

– Politiet i Bergen har som den andre politieininga i verda bestemt seg for å ta i bruk Nalokson mot overdosar, seier politistasjonssjef Olav Valland.

Nesespray

NALOKSON: Denne nasesprayen er no i bruk hos politiet i Bergen. Sprayen verkar som ei motgift mot overdosar, og kan redde liv og redusere skadar for dei som tek overdose.

Foto: Straxhuset i Bergen

I går fekk politiet i Bergen delt ut nasesprayen Nalokson, som fungerer som ei motgift mot overdosar. Dei nekta lenge å ta i bruk nasesprayen, men har ombestemt seg. Sprayen er no ein del av utstyrsbeltet til innsatsgruppa som jobbar mot dei opne russcenene i Bergen.

Olav Valland

TEK I BRUK SPRAYEN: Innsatsgruppa som jobbar mot dei opne russcenene i Bergen har no med seg sprayen i beltet, seier politistasjonssjef Olav Valland.

Foto: Mari Stafsnes Osland / NRK

– Det er viktig å understreke at dette er ein naudløysing i dei tilfella der me ikkje får tak i ambulanse raskt nok. Det er i veldig få tilfelle det skjer, men no kan denne gruppa mogleg redde liv og redusere skader for dei som går i koma og ikkje får raskt nok hjelp, seier politistasjonssjef, Olav Valland.

LES OGSÅ: Politiet ombestemmer seg - positive til bruk av nasespray mot overdosar

– Andre politieining i verda som tek i bruk sprayen

I går hadde politiet i Bergen besøk av Helsedirektoratet og ein representant frå senter for rus- og avhengigheitsforskning. Innsatsgruppa fekk opplæring i å bruke sprayen, som potensielt kan redde liv.

Ny nesespray mot overdoser

NYTT TILTAK: Her demonstrerast nasesprayen av Desiree Madah-Amiri (til venstre) og Åse Merete Solheim (til høyre) på Strax-huset i Bergen. Men politiet vil enno ikkje bruke sprayen som helseministeren meiner kan redde liv.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Politiet har vurdert lenge om kor vidt dei skal ta i bruk Nalokson.

– Det har vore medisinske betenkelegheitar ved det. Ikkje fordi det er farleg, men fordi ein har meint at det er betre å få ein gradvis oppvakning i akuttmottak, enn å få denne nasesprayen ute på gata. Ein vaknar veldig brått, og det kan gjere noko med innstillinga og humøret til den som har tatt overdosen, seier Valland.

– I tillegg så kan det vere litt kontroversielt at politiet skal utstyre seg med medisinske hjelpemiddel. Det har me tatt med i vurderinga, og difor blir dette i fyrste omgang ein prøveordning.

260 personar døyr av overdose kvart år

Kvar veke krev overdosar fem menneskeliv i Norge. I løpet av eit år er talet 260 personar. Politiet i Bergen ser menneske i overdose nærast dagleg.

Narkoman

MANGE DØYR: Rundt 260 personar døyr av overdose i Noreg kvart år.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

LES OGSÅ: Flest overdosar i Trondheim og Bergen

Alt i 2010 fortalde NRK at folk i rusmiljøet meinte nalokson-nasesprayen burde komme inn i norsk rusomsorg.

I juni varsla Helseminister Bent Høie at sprayen etter kvart skal delast ut til rusavhengige, pårørande og personar i hjelpeapparat rundt rusmiljøa.

Utdeling av nalokson nasespray og nasjonal overdosestrategi er ein del av regjeringas satsing på rusfeltet, ifølge Helsedepartementet. I løpet av 2015 vil regjeringa legge fram ein opptrappingsplan på rusfeltet.