Hopp til innhold

Narkomane dømd til behandling

12 narkomane kriminelle i Bergen er sidan mai i år dømt av retten til å delta i eit program utanfor fengselet istadenfor soning.

Fengsel
Foto: Roald, Berit / Scanpix

Målet er å få dei bort frå kriminalitet og narkotika. Over halvparten har så langt klart det.

Nytt narkotikaprogram

Både kommunen, Helse Bergen og kriminalomsorga står bak Narkotikaprogrammet med domstolkontroll.

Programmet starta i Bergen i mars, og omlag samstudnes i Oslo. Seks er dømde til slik tett oppfølging der.

Over halvparten klarar seg

Sju av dei tolv dømde i Bergen klarar å fylgje programmet, fortel Ingunn Seim i kriminalomsorga.

- Nokon går på skule, nokon jobbar. Dei fleste går her. Ein har felles møtepunkt, men jobbar også med det som er problemområdet for den einskilde.

Vanskeleg

Fleire har sutte i fengsel i åresvis i løpet av livet, og har hatt eit rusproblem i ti-tjue år, så det er klart dette er vanskeleg. Fem av dei tolv har hamna utpå igjen med narkotikabruk og nye lovbrot.

Likevel meiner Seim at prosjektet er særs vellukka.

- Den personen som starta med dette i mai seier at dette har hjulpe veldig i rehabiliteringsprosessen, seier ho.