Hopp til innhold

Narkomane ber politiet slå til mot narkomiljøet

BERGEN (NRK): Rusmisbrukarar i Bergen meiner fleire unge kjem inn i miljøet når politiet ikkje etterforskar narkotikasaker og bakmennene går fri.

Ronny Melbye

BEKYMRA: Ronny Melbye meiner det er urettferdig at politiet ikkje prioriterer narkosaker.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

– Det er lettare å få tak i harde stoff i Bergen no enn det var tidlegare, seier Ronny Melbye.

Han er tilbake i Nygårdsparken som stengde for vel to år sidan.

– Det gjer at ungdommar gjerne begynner på heroin før dei ein gong har prøvd hasj, seier 44-åringen som kjenner miljøet frå innsida.

NRK har prata med fleire rusavhengige som seier det same.

Varslarsak har vekt oppsikt

Melbye meiner det også har blitt lettare å få kjøpt stoff over alt i byen.

– Tidlegare var det Nygårdsparken, alle visste kor den var. Dei som ikkje brukte stoff, heldt seg vekke frå parken, seier Melbye.

Det var laurdag at VG avslørte den såkalla varslarsaka. Melbye gir si fulle støtte til varslaren i Vest politidistrikt, som sa frå om at politiet lar vere å etterforske narkotikasaker fordi sakene tar for lang tid.

I onsdagens bystyremøte i Bergen kommune sa byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) at han vurderer å ta opp varslarsaka med regjeringa.

Forstår ikkje politiet sine prioriteringar

Melbye synest det er ille at bakmennene slepp unna.

– Det er veldig skremmande. Politiet har jo alltid sagt at dei må ta bakmennene for å rydde opp i rusproblema. Ein må jo ta dei som fører inn stoffa. Alle ære til varslaren som tok tak i dette.

Ronny Melbye

MEIR STOFF: Ronny Melbye meiner det er blitt lettare å få fatt i stoff i Bergen etter at Nygårdsparken stengde, og at ein no får kjøpt over alt i byen.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

44-åringen begynte å ruse seg for 30 år sidan. I dag går han i LAR-behandling.

– Eg er glad eg ikkje er ung i dag. Miljøet var betre før. Eg trur endringane i stor grad kjem av måten politiet behandlar folk i miljøet på, og lar enkelte sleppe unna. Det er på tide at bakmennene blir stilt til ansvar, seier Melbye.

– Rusmisbrukarane ser trendane før oss

Klinikkdirektør ved Bergensklinikkene Kari Lossius, fortel at dei ikkje kan vite kva som er i omløp på gata. Dei behandlar mange rusmisbrukarar.

– Rusmisbrukarane ser sannsynlegvis desse trendane før oss, så eg kan ikkje stille spørsmålsteikn ved det dei seier, seier ho.

Likevel har ho ikkje sett noko særleg variasjon i pasientgruppene deira.

– Om det er nokon variasjon er det kanskje ei auking blant dei eldre, og ikkje blant dei yngre. Rekruttering av yngre narkotikamisbrukarar har ikkje vore eit fokus den siste tida, seier Lossius.

Hugo Torjussen

IKKJE SETT AUKING: Hugo Torjussen ved Strax-huset i Bergen seier at dei ikkje ser fleire unge narkotikamisbrukarar i Bergen no enn før Nygårdsparken stengde.

Foto: NRK

Hugo Torjussen, leier på Strax-huset i Bergen, seier at dei ikkje har sett ei auking i talet på unge rusmisbrukarar.

– Våre brukarar fortel at det ikkje er fleire unge narkotikamisbrukarar no enn det var i Nygårdsparken. Samstundes kan det vere fordi det ikkje er så skjult som det ein gong var, seier Torjussen.

Politiet har ikkje ville kommentera denne saka.