Hopp til innhold

Når rakettane går i lufta gjer luftmålarane eit hopp

I timane før og etter midnatt nyttårsaftan kjem lufta til å bli helseskadeleg mange stadar.

Raketter og fyrverkeri i Bergen

HELSESKADELEG: Folk med luftvegsplager blir oppfordra til å halda seg borte frå plassar med mykje rakettoppskyting.

Foto: Tom Kjøde / Bergen kommune

Fyrverkeri byr på meir enn flotte fargar og høge smell. Den fører også med seg forureina luft, som er mange gongar så dårleg som på vanlege dagar.

I både bygder og byar kjem luftmålarane til å gå i vêret nyttårsaftan..

– For mindre tettstader og bygder er nyttårskvelden ofte den dagen i året med høgast luftforureining, seier kommunikasjonssjef i Norsk institutt for luftforsking (NILU), Christine F. Solbakken.

– Oppsving rundt midnatt

Før nyttårskvelden går luftkvalitet.info ut med varsel om venta låge verdiar av svevestøv, men med ein periodevis forverring i timane rundt midnatt

Tal frå dei siste åra i Bergen viser at forureingsnivået blir opp til fem gongar høgare enn elles.

– Me ser ein tydeleg oppsving i tidsperioden før og etter midnatt. Det viser også målingar frå dei siste åra, seier avdelingssjef Sonja Skotheim i Helsevernetaten i Bergen kommune.

Også i Oslo og Trondheim viser varsla konsentrerte forureinar i tidsrommet før og etter inngangen til 2017.

– Me ventar svært høge ureiningsverdiar i område med rakettoppskyting, primært mellom klokka 24.00 og 01.00, seier kommuneoverlege i Oslo, Kari Sletnes.

Giftlokket i Bergen er synlig fra oven

GIFTLOKK: Bergen har dei siste åra blitt kjent for det såkalla giftlokket vinterstid. Men også rakettar kan gi dårleg luft i byen.

Mangedobla verdiar

Det er svevestøv av typen PM10 som stig til vêrs i takt med rakettane. Denne type forureining kjem frå kjelder som asfalt, vedfyring og salt.

– Me snakkar om ein veldig kortvarig periode, der verdiane er veldig avhengige av vêrtilhøva. Dei siste åra har det vore mildt og vått, som gjev små utslag, seier Skotheim.

Grenseverdien per døgn for PM10 er på 50 mikrogram per kubikkmeter.

I fjor var timeverdien 19 mikrogram støv per kubikkmeter klokka ein time etter ein gjekk inn i det nye året. To timar seinare hadde talet falt til ein fjerdedel.

I 2014 gjekk talet frå 50 til 10 i same perioden.

Kortvarig, men merkbar

Solbakken i NILU seier dei høge nivåa er kortvarige, men at auken i svevestøv i mange tilfelle er svært merkbar.

– Me ser at nivåa bygger seg opp utover kvelden og når sitt høgdepunkt i timen rundt midnatt. Rett utpå morgonen plar tala dala, seier Solbakken.

Bergen og Oslo kommunar går ikkje ut med ei åtvaring til personar som er plaga med tette luftvegar, men oppmodar personar om å halda seg unna område der det går føre seg skyting av rakettar.

Trondheim kommune har denne beskjeden: Personar med luftvegsvanskar bør følgja med på målingane.

Både i Oslo og Trondheim er det totalforbod mot oppskyting av rakettar innanfor sentrumskjernen. I staden skjer oppskyting av fyrverkeri i kommunal regi. Sidan innføring av forbodet mot rakettar har verdiane gått merkbart ned.