NRK Meny
Normal

Nær to av tre psykisk utviklingshemma er feilernærte

Bergen kommune vil hjelpa fleire utviklingshemma til ein sunn livsstil. – Utviklingshemma kan vera ganske rigide i matmønsteret, seier miljøterapeut Elisabeth Kaldefoss.

Anders Christiansen

KUTTER PIZZA: Anders Christiansen og kjærasten har kutta ut pizzaen frå kosthaldet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg likar all slags mat, men eg er litt meir på det som er godt, men ikkje sunt.

Anders Christiansen er med i Bergen kommune si satsing på sunnare matvanar og betre helse for menneske med utviklingshemming. I staden for feittrik mat med lite næring, skal han og dei andre bebuarane servera han meir fisk og grønsaker.

– Eg likar godt laurdagsmiddag, som pizza og lasagne. Men no har eg kutta ut pizzaen.

Forsking viser at utviklingshemma er meir utsett for både undervekt og overvekt. Mange et seg sjuke, og det er spesielt ved flytting til eigen bustad at helseproblema blir tydelege.

– Personar med psykisk utviklingshemming er ofte feilernærte, seier Elisabeth Kaldefoss, leiar ved Vestlundbakken bufellesskap i Bergen.

Berre 38 prosent av utviklingshemma i tilrettelagde bustader har vekt innanfor normalområdet.

– Når dei flyttar heimanfrå kjem dei frå eit familieliv og har sunne matvanar med seg. Sjølvstyret blir veldig sterkt når dei flyttar i bufellesskap. Då et dei meir usunt og går ofte opp i vekt.

Elisabeth Kaldefoss

AUKER SATSNINGA: Leiar ved Vestlundbakken bufellesskap i Bergen, Elisabeth Kaldefoss, seier at personar med psykisk utviklingshemming ofte er feilernærte.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

To av tre underernært

Difor har Bergen kommune auka satsinga på sunnare matvanar og betre helse for menneske med utviklingshemming.

Ei rekkje tiltak for å fremja sunne matvanar er samla i ein errnæringsstrategi utarbeidd av Etat for tenester til utviklingshemma og Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Hordaland (USHT).

– To av tre utviklingshemma er i kategorien under- og overernært. Mange med psykisk utviklingshemming står fritt til å kjøpa det dei vil. Dei styrer eigen økonomi og eigne innkjøp. Det er ikkje lett å vita kva som er sunt og ikkje i det virvaret som finst av matvarer, seier Kaldefoss.

Målet med strategien er å motivera personar med psykisk utviklingshemming å velja rett i matfatet. Det har dei klart i Christiansen sitt tilfelle.

– No går det i laks og pasta, thaisuppe og pasta med spinat og fetaost. Men enkelte matvarer nektar eg å smaka på. Som sniglar, seier Christiansen.

Vigdis Anita Gåskjenn

BESØK: Byråd for helse og omsorg Vigdis Anita Gåskjenn (til høgre) var på besøk på bufellesskapet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Manglar forsking

Bergen har som ein av få kommunar i Noreg hatt eit fokus på å kursa dei tilsette og brukarane. Målet er å hindra livstidssjukommar, som diabetes og hjarte- og karsjukdomar.

Kommunen går ut frå Helsedirektoratet sine kosthaldsråd og nøkkelholmerka matvarer. Måltidet er tilpassa om brukarane skal opp eller ned i vekt. Dei tilsette illustrerer skilnadene i kosthaldet med sukkerbitar og skilnadene på mjølkekartongane.

– Problemet er mangelen på forsking. Me må dra ut kompetansen frå dei tilsette og støtta oss på erfaringsbasert kompetanse.

Byråd for helse og omsorg Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) seier Bergen først og fremst vil bidra til å gi personar med utviklingshemming moglegheita til eit betre liv med ei betre helse.

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.