Hopp til innhold

Reagerer på forslag som kuttar i støtta til funksjonshemma: – For Kay er jobben livsviktig

Kay Davidsen (37) er redd han ikkje kjem seg på jobb om støtta til transport til jobb blir kutta. – For oss er dette berre tal, for Kai er dette livsviktig, seier gruppeleiaren i Høgre.

Kim og Evelyn Davidsen utanfor heimen sin

BETYR MYKJE: Kay Davidsen er redd han ikkje kan halda fram i arbeid utan ordninga. – Det er horribelt, seier mor til Kai, Evelyn Davidsen.

Foto: STIAN SØRUM RØKENES / NRK

Kay Davidsen arbeider med pakk og montering på ei vekstbedrift og er på jobb fire dagar i veka.

I dag får han dekt transporten av Hordaland fylkeskommune gjennom ordninga med tilrettelagd transport for funksjonshemma.

Men no føreslår fylkesrådmannen å kutta 8 millionar kroner i stønaden. Om det blir vedtatt, ser utsiktene i arbeidslivet dystre ut, fryktar Davidsen.

– Om dette vert kutta kjem eg meg ikkje på jobb. Då må eg vera heime, seier 37-åringen.

Kim og Evelyn Davidsen utanfor heimen sin

DÅRLEG SPØK: Mor til Kay, Evelyn Davidsen, kallar forslaget ein dårleg spøk.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Mor: – Ein dårleg spøk

Davidsen har dårleg syn og orienteringsevne og kan difor ikkje ta buss aleine. På arbeidsplassen blir oppgåvene tilpassa han og kollegaene. Personar med fast jobb i ein varig tilrettelagd arbeidsplass (VTA) får innvilga tilrettelagd transport til og frå arbeid.

Om ordninga blir kutta, vil det gå ut over Davidsen og 180 andre personar med funksjonshemmingar.

– Det betyr veldig mykje for meg å vera i arbeid, det er omtrent heile kvardagen min.

Viss det skjer, må foreldra til Davidsen køyra han sjølve. Det er ikkje ei god løysing meiner mor til Kay, Evelyn Davidsen.

– Om me skulle køyrd han hadde me brukt tre timar dagen. For oss som er pensjonerte vil det gå ut over fritida vår.

Silja Ekeland Bjørkly

VIL IKKJE KUTTA: Gruppeleiar for Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, vil heller kutta i administrasjonen enn å kutta i ordninga.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Meir enn berre eit tal

Nye Vestland fylke får ein tøff start økonomisk med 490 millionar kroner i minus. Neste år er planen å spara 100 millionar.

Gruppeleiar i Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, vil behalda dagens ordning. Ho vil heller kutta i administrasjonen.

– Dette er ei ordning som er utruleg viktig for enkeltmenneska. For oss politikarar er dette berre tal, men for Kay er dette livsviktig.

Ho fryktar kuttet vil ramma dei nesten 200 hundre uføretrygda hardt.

– Dette handlar om meir enn berre tal. Det å kunna delta i arbeidslivet er ein viktig del av eit menneske sitt liv.

Leiar i Funksjonshemmedes Fellesforbund (FFO) i Bergen, Bjørn Greve, karakteriserer kuttet som svært dramatisk.

– Eg skjønar at fylkeskommunen må spara pengar, men dei bør ikkje ta frå dei svakaste, seier Greve, som varslar at FFO vil mobilisera mot kuttet.

Må spara ein halv milliard

Gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Anne Gine Hestetun, seier kuttet sit langt inne, men at det er for tidleg å seia kva ho vil stemma for i fylkestinget i desember.

– Det er me ikkje i stand til å ta stilling til i dag, for så mange detaljar har me enno ikkje fått.

Rune Haugsdal

MÅ SPARA: Fylkesrådmann Rune Haugsdal må spara 100 millionar neste år.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Hordaland og Oslo er dei einaste fylka som har denne ordninga. Transporten kostar 11 millionar kroner i året, ifølgje budsjettforslaget.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal leiter difor etter kutt blant oppgåvene som ikkje er lovpålagde. Dei vidaregåande skulane ser til dømes ut til å måtte kutta, med skulefrukost, vaksinar og skulepsykologar.

– Dette er ei ordning som fylkeskommunen ikkje er pålagt å ha, og tilbodet vert foreslått teke ut med verknad frå 1. april 2020, skriv Haugsdal om kuttet.

Haugsdal seier til NRK at han ikkje vil spekulera i om forslaget vert vedteke.

Budsjettforslaget skal opp i finansutvalet i nye Vestland fylke 24. oktober.