I det aude turområdet vart to personar funne døde: – Ubehageleg når slikt skjer i området

ARNA (NRK): Turområdet ligg høgt til fjells, ved ein blindveg i eit område utan mobildekning. Miriam Minde og Maria Person møtte ei stor drapsetterforsking då dei skulle gå tur her.

Turområde ved Osavatnet og Gullfjellsvegen i Arna, fjell og sndekt dal med blå himmel

DRAPSSAK: Området politiet har starta etterforsking ligg aude til. Her ser du utløpet av elva som fører ned til Osavatnet. Biletet er tatt tidlegare i januar. ARKIVFOTO

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Miriam Minde og Maria Person bur i nabolaget der politiet i Bergen mandag sperra av eit større område.

Bakgrunnen: Funnet av ei død kvinne og ein død mann like ved turområdet på vegen opp til Gullfjellet.

Då Minde og Person skulle på tur i området, vart dei møtte av politi og sperringar.

– Politiet kunne ikkje gi noko informasjon, men sa at vi ikkje kunne gå på tur.

Naboane seier det som har skjedd er trist og ubehageleg, men stolar på at politiet kjem med den informasjonen som trengst.

– Det er ubehageleg når det skjer i nærområdet, men slikt som dette kan jo skje alle plassar, seier Minde.

naboar unneland

NABOAR: Naboane Miriam Minde og Maria Person bur like ved funnstaden og kom seg aldri til Gullfjellet då dei vart stoppa av politiet måndag ettermiddag.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Aude område høgt til fjells

Ei kvinne på 29 år og ein mann i 40-åra vart funne døde ved Osavatnet langs Gullfjellsvegen. To menn vart måndag arresterte, sikta for drap eller medverknad til drap.

Området som no står sentralt i drapsetterforskinga er eit populært turområde.

Frå parkeringsplassen ved Osavatnet kan ein gå tur mot Redningshytten og Gullfjellet, det høgaste fjellet i Bergen.

Vegen er ein populær tursti i godt vêr på fridagar. Men elles er det er også ein aude plass.

Området har ingen fastbuande og har ingen gatelys. På kveldstid og natt er det difor heilt mørkt i dalen rundt vatnet.

Vegen opp til turområdet er ein blindveg som endar ved parkeringsplassen. For å koma seg dit må ein køyra bil frå næraste tettstad Unneland og Espeland, ein tur på i underkant av 15 minutt.

Området er for lokalbefolkninga og turgåarar også kjend for å ha svært liten eller ingen mobildekning.

Måndag gjorde politiet ein del av jobben rundt Osavatnet, og det vart mellom anna frakta ein gummibåt opp til staden.

Kan ha blitt frakta dit

Mangeårig drapsetterforskar i Kripos, John Christian Grøttum, fortel at politiet no truleg har eitt viktig spørsmål å få svar på:

Om dei to døde er frakta til staden, eller om dei er drepne der.

– Det er mange utfordringar når eit drap skjer utandørs, men åstaden vil bere preg av om gjerninga har skjedd på funnstaden eller om dei er frakta dit i etterkant. Om ein fraktar to døde menneske inn i et område, vil det etterlate seg spor, seier Grøttum.

Dette vert bekrefta av tidlegare etterforskar og kriminalforfattar Jørn Lier-Horst.

– Dette høyrest ut som ein lite organisert åstad. Det talar for ei spontan handling, utført utan tanke på å ikkje etterlate eller skjule spor, seier Horst til NRK.

Mistenkeleg dødsfall Unneland

SPERRA: Vegen opp til dalen rundt Osavatnet vart sperra av måndag, og området gjort om til ein mogleg åstad for drap.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Grådig guffent

Jarle Viken bur på Unneland i Arna, eit par kilometer unna

– Det er jo grådig guffent dette her. Me er ei lita bygd der alle kjenner kvarandre, seier han.

Han fortel vidare om politisperringar og at fleire han kjenner som bur i området måtte legitimera seg då dei skulle forbi.

Han beskriv stemninga som engsteleg.

– Det er like ille uansett kven det er, men ein håpar jo sjølvsagt at det ikkje er nokon ein kjenner. Det freistar ikkje akkurat å gå på tur no.

Jarle Viken

LITA BYGD: Jarle Viken er styreleiar i barnehagen på Unneland og bur like ved funnstaden.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Trist og skremmande

Elisabeth Bjørndal bur langs Gullfjellsvegen, ikkje langt frå staden der dei døde blei funne.

Ho seier det som har skjedd er både trist og skremmande på same tid.

– Alle rundt her synest det er like guffent. Gutungen min synest det er kjempeskummelt og sa til meg at «det har jo skjedd rett utanfor huset vårt».

– Det har skjedd at folk har dumpa bilar i vatnet og liknande, men det har aldri skjedd noko i denne kategorien. No ventar vi og ser kva politiet kjem fram til, seier Bjørndal.

Marianne Bjørndal

SKREMMANDE: Elisabeth Bjørndal bur like ved Gullfjellsvegen i kort avstand frå der dei to døde vart funne. – Trist og skremmande, seier ho.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK