Hopp til innhold

– Vondt å sjå at folk bur under uverdige forhold

Naboar til huset politiet aksjonerte mot på Paradis i Bergen meiner så mange som 40 personar har budd i huset. Naboane er bekymra og ber huseigar ta tak i det.

Kristina Doyle

BEKYMRA: Kristina Dolye og dei andre naboane til huset på Paradis liker dårleg at folk har budd under uverdige forhold i nabolaget deira.

Foto: NRK

Tysdag kveld aksjonerte politiet mot eit bustadhus på Paradis i Bergen Fleire personar la på sprang då politiet kom til staden, og mannen som leigde huset blei arrestert og mistenkt for menneskehandel.

Politiet seier onsdag at dei mistenkjer at det kan finnast fleire hus med dårlege buforhold og ulovleg mange bebuarar .

Då NRK oppsøkte huset onsdag var det ingen i huset som ønskte å snakka med NRK.

Har kontakta huseigar fleire gongar

Velforeininga i området har i lengre tid vore bekymra for det som skjer i huset.

– Det er vondt for oss å sjå at folk bur under uverdige forhold. Det bekymrar oss, og me skulle ønska det ikkje skjedde, seier Kristina Doyle. Ho er styremedlem i velforeininga på Paradis.

– Me har sett masse bilar og menneske. På parkeringa bak huset vårt har det vore mykje boss og bilar. Det ser ikkje ut til at dei har det så bra, forklarer Doyle.

Velforeininga har fleire gongar vore i kontakt med huseigar.

– Me har fått veldige dårlege tilbakemeldingar. Me fekk beskjed om at dei ikkje hadde noko ansvar for dei som budde i husa og korleis dei hadde det. Dei var berre huseigarar som leigde ut, seier Kristina Doyle.

– Kva meiner de bør skje vidare?

– Eg synest me bør få orden på at slike uverdige forhold ikkje skjer, og huseigar bør ta tak i dette, seier Doyle.

Politiaksjon i eit hus på Paradis i Bergen, der det vart funne fleire titals austeuropearar. Mannen i 60-åra som hadde leigd huset er sikta for menneskehandel.

VIDEO: Opp til 30 personar har budd i dette huset trur politiet. Naboar meiner det har vore endå fleire.

– Ikkje sett at det har budd så mange der

Det er Nymo & Sundal Eiendom som eig bygget saman med Rema Eiendom Vest. Vidare eig Reitan Eiendom 45 prosent av Rema Eiendom Vest.

– Inntil nyleg har Atle Sundal vore dagleg leiar for eigedommane Rema Vest Eiendom og Nymo & Sundal Eiendom eig saman, og det er han som har vore ansvarleg for drift og avtalar. Me har ein representant i styret og me blei klar over klagane i mai-juni, som vidare var bakgrunnen for å ikkje fornya leigeavtalen etter 30. juni, seier Solfrid Flateby, kommunikasjonsdirektør i Reitangruppen.

– Me eig halvparten og har eit ansvar, og me synest dette er kjempe alvorleg. Me jobbar med å få heile oversikten og er i dialog med politiet og den andre eigaren, legg Flateby til.

Atle Sundal seier at då dei blei gjort merksame på forholda i huset blei dette tatt opp umiddelbart med leigetakar.

– Eg har vore på fleire befaring i huset. Det er eit stort hus, men eg har aldri sett at det har budd så mange personar som det som blir antyda no, seier Sundal til NRK.

Tre barn under 12 år

Då politiet undersøkte bustaden tysdag kveld fann dei fleire ulovlege soverom. Bebuarane fekk lov til å overnatta i huset frå tysdag til onsdag. Onsdag var politiet på Paradis og gjorde nye søk i bustaden .

Det var også tre mindreårige barn i huset, som alle tre er under 12 år. Barnevernvakten i Bergen blei difor kontakta tysdag.

– Det er rutine at me hjelper med å avklara barn sin omsorgssituasjon. Me snakka med foreldra og fekk avklart at situasjonen var forsvarleg, og at situasjonen ikkje tilsa at barna ville bli vesentleg skadelidande ved å bli hos foreldra i går kveld, seier fungerande leiar Åge Kulleseid i Barnevernvakten i Bergen.

Saka vil bli følgd opp av barnevernet i Fana.

– Dei vil gjera vanlege undersøkingar i samsvar til lov om barnevernsteneste. Dei har tre månadar på seg til å gjera ferdig undersøkinga, men dette er ei bekymringsfull sak der det hastar med avklaring og som vil bli prioritert, seier Kulleseid.