søte og fine
små mandarine
fiken og dadle
og presangar til adle
ut i terrenget
om ikkje så lenge
ultre - hogg di ned
rundt novo
inni stovo
og pynta og fjelga
til julahelga
så kjeme pusen
vifta med halen
leiken og galen
vesle pjusken
byksa i busken
pusen i ras
kuler i knas
han er høgt i toppen
kattakroppen
den blanke stjerne vart enkelt fjerna
så vart eg bus
ut med deg pus
sjå og lya
di kattaskya
pusen den hedningen
bite i ledningen
ein lysande katt
på 1000 watt
han bukta og vrir seg
bartane svir seg
han strauk på dør
urven og ør
med bustete ragg
og norske flagg
snipp - snapp - snute
pusen er ute
Det er jul i Norge
helsing Arne Torget