Bønder frå Reidsete i Ullensvang til Jøsendal i Odda klør seg i hovudet. I fjellet langs austsida av Folgefonnhalvøya er over 200 lam og sauar sporlaust forsvunne.
Førebels veit ein ikkje kva som har skjedd med dyra, men bøndene trur ein jerv er syndebukken.
– Vanlegvis finn ein i alle fall spor etter dyra, men i dette høve har me ikkje funne nokon ting. Det er mystisk, seier bonde Vidar Reisæter.
Han legg til:
– Me trur det må vere eit rovdyr som står bak, og då må me rekna med at det er jerv.
- Les meir:
Bonde: – Rekordtap
Bonden har sjølv mista 30–35 lam og ti sau. Berre på Reidsete manglar bøndene over 100 sauar og lam.
– Det er mykje meir enn normalt og svært uvanleg. Eg har drive i 40 år, og dette er eit rekordtap.
Han seier at jerv ikkje har vore observert i området sidan tidleg på 2000-talet. I haust fekk Statens naturoppsyn melding om dei registrerte tapa.
– Me har fått inn ei melding frå ein som har observert ein jerv i område. Om det er ein jerv der no, veit me ikkje, men me kan håpa at me finn det ut no når det er sporsnø, seier rovviltkoordinator Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn.
- Les meir:
Lisensjakt på jerv
Får rovviltkoordinatoren dokumentert at det er jerv i området, kan det vera aktuelt med avliving. Fram til 15. februar er det lisensjakt på jerv i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
– Det er låg terskel for tiltak mot rovvilt i forvaltningsregion 1, men dei som har ansvar for forvaltninga, bestemmer, seier Golf.
Det er Miljødirektoratet som bestemmer om det blir ekstraordinært uttak.
Bøndene tar no saka i eigne hender og skal prøva å finna ut om det er jerven som har vore på ferde. Og utan handfaste bevis blir det heller ikkje erstatning for bøndene.
– Me skal legge ut åta eit par plassar og filme med viltkamera. Og me oppfordrar alle om å ta kontakt om dei har sett noko, seier Reisæter.
- Les meir: