Hopp til innhold

Mysteriet om "geleballen" løyst

Det ukjende sjødyret som vart funne i Hardangerfjorden kan vere eggposen til til blekkspruten akkar.

Tidlegare torsdag fortalte NRK  det ukjende dyret som vart oppdaga i sjøen utanfor Rosendal i Kvinnherad.

Ifølgje universitetsavisa På Høyden vart den geleballiknande skapninga funne i utløpet av Hardangerfjorden. 

Liknande funne på New Zeeland

Det var undervannsfotograf Erling Svensen frå Egersund som oppdaga organismen og tok fleire bilete av han - bilete som har fått forskarar til å gruble og klø seg i hovudet over kva det er vi faktisk ser på dei.

No har førsteamanuensis Torleiv Brattegård ved Universitetet i Bergen ein teori.

- Den mystiske geléballen kan vera eggposen til blekkspruten akkar, seier han.

Viss det er rett, er det i så fall første gong det er klarlagt korleis akkar legg egga sine.

Tips frå Stavanger

Brattegård har fått tipset frå ein forskar ved Stavanger Museum, som fann eit foto av ein liknande organisme frå New Zealand.

Etter at saka vart kjent i onsdag, har fleire dykkarar fortalt at dei har sett liknande geléballar langs kysten frå Langesund til Trøndelag på seinsommaren og tidleg i haust.

Den første observasjonen vart etter alt å dømme gjort i Austrheim i Nordhordland i 2002.

Mystisk geleball
Foto: Rudolf Svensen / UWphoto