Hopp til innhold

Ingjerd trur ho har løyst sauemysteriet

Ingjerd Børnes forstod ingenting av all blåfarge som hadde dukka opp i hagen då ho kom heim frå ferie. Heilt til ho opna lokalavisa.

Sauemysterium montasje

– HER HAR DEI SØKT LY: Under båten som Ingjerd Børnes har i hagen, trur ho sauene har gnidd på seg blåfarge.

– Då eg bladde opp avisa og såg artikkelen om dei blå sauene, fekk eg nesten latterkrampe, seier Ingjerd Børnes til Vestnytt.

Det er gått ei veke sidan sauebonde Ronny Fjeldstad fortvila over at sauene hans hadde blitt malt blå. Fjeldstad var sikker på at nokon hadde spraymåla sauene med blåfarge.

– Ein av sauene er svart, den har fått vera i fred. Men dei andre elleve, som var kvite, er no blå, fortalde bonden, som ikkje kunne forstå kvifor nokon ville øydeleggja saueulla på denne måten.

Blå sauer i Fjell kommune, med bonden Ronny Fjeldstad

USIKKER PÅ TEORIEN: Sauebonde Ronny Fjeldstad går ikkje utan vidare med på at det er båtmåling sauene har fått på seg. – Fargen ser ut til å vera spraya på, meiner han framleis.

Foto: Marit Kalgraf / Vestnytt

Botnsmurte sauer?

Samstundes sat Ingjerd Børnes i solsteika på Mallorca, utan å ha høyrt om dei blå sauene som vandra rundt i hagar og langs vegen vest på Sotra. Søndag kom ho heim, og såg korleis både husveggen, garasjen og ein kvit mur hadde blitt blå medan ho var bortreist.

– Vi vart storleg forundra då vi såg at duken på utebordet også var blitt blå. All blåfargen er i sauehøgde, fortel Børnes til VestNytt.

Saman med saueskiten som låg spreidd rundt i heile hagen, skjønte ho at ho hadde hatt ubedne gjestar i ferien. Og då ho kom i tanke om båten ho har hatt ståande i hagen, og såg haugane med saueskit under den, skjønte ho samanhengen.

Ingjerd Børnes

DUK SOM SKIFTA FARGE: – Vi vart storleg forundra då vi såg at duken på utebordet også var blitt blå, fortel Børnes, før ho såg at fargen var den same som på båten.

Foto: Marit Kalgraf / VESTNYTT

– Gått rundt og klødd seg

Tysdag snakka ho med ein nabo om blåfargen i hagen hennar. Naboen byrja berre å le og bad ho lese lokalavisa som hadde lagt uopna etter ferien.

Då kom latterkrampen. Børnes skjønte at sauene heilt på eiga hand hadde sørga for den kongelege fargen i ulla.

– Då vi tok på båten, vart vi straks blå på fingrane. Sauene har sikkert blitt søkk våte og har søkt ly under båten. Der har dei gnidd og klødd seg, før dei har teke seg ein kløtur rundt på eigedomen, forklarer Børnes.

Ingjerd Børnes

– HAR TATT SEG EIN KLØTUR: Slik såg hushjørnet til Ingjerd Børnes ut då ho kom heim frå sydenferie. – All blåfargen er i sauehøgde, seier ho.

Foto: Marit Kalgraf / VESTNYTT