Hopp til innhold

Intenst regnvêr gir fare for skred og flaum

Det kjem til å hølja ned i Hordaland dei neste dagane. Det gir fare for lokale oversvømmingar og på fjellet er det stor snøskredfare.

Fjøsangerveien

VÅTT!: Det blir intenst regnvêr i Hordaland onsdag og torsdag. (Arkivbilete frå Fjøsangerveien i Bergen.)

Foto: Pål Bentdal

Det er venta uvanleg mykje nedbør i fylket både onsdag og torsdag, og meteorologane har gått ut med OBS-varsel.

Det er venta opp mot 50–80 millimeter med nedbør lokalt, både onsdag og første del av torsdag. Aller mest vil det koma i nordlege strøk. Her kan det bli opp mot 100 millimeter nedbør, seier statsmeteorolog Anna Reistad.

– Det er ganske intenst og det vil halda fram i heile dag. Nedbøren er veldig lokal, så det vil vera forskjellar frå stad til stad.

Kan flaume over

Ho vil likevel ikkje kalle nedbørsmengda som ekstrem.

– Det er ganske alvorleg, men ikkje ekstremt. Det plar å vera ganske vått i februar. I morgon blir det mindre nedbør og periodar med opphaldsvêr.

Flaumvarslinga til NVE er sett til gult nivå, noko som betyr at det er fare for lokale oversvømmingar.

– Det ligg utruleg mykje snø på fjellet, og på grunn av dei store nedbørsmengdene skapar dette fare for både oversvømming og flaum.

På fjellovergangane er det venta vanskelege køyreforhold på grunn av sterk vind, snø og snøfokk.

Stor snøskredfare i fjellet

Dei store nedbørsmengdene skapar også stor snøskredfare i fjellet i dag. Skredvarslinga har auka til faregrad 4 på ein skala frå 1 til 5. Fleire stader er det alt vinterferie, og dei som skal på fjellet blir bedt om vera særs varsame.

– Som skiløpar må du halda deg unna alt skredterreng. Enkelte vegstrekningar kan vera utsett, er den klare meldinga på varsom.no.

– Dette er som venta. Det er meldt framleis aukande temperatur og nedbøren vil ha størst intensitet formiddagen. Dette gir stor snøskredfare, forklarar vakthavande Jostein Aasen ved snøskredvarslinga til NVE.

Han har likevel håp om at det skal bli tryggare å ferdast i fjellet før helga.

– Høg temperaturauke betyr at snødekket på sikt blir meir stabilt. Regnet og temperaturauken påverkar bindingane i snøen. Når temperaturane går ned igjen, vil snølaga krypa saman.

NVE har førebels sett ned faregraden til 3 på torsdag.

Laster Twitter-innhold