Hopp til innhold

Mykje kø i Bergen

Fløyfjellstunnelen i retning sentrum er framleis stengd og det fører til lange køar i Bergen torsdag ettermiddag. Tunnelen på E39 vart stengd fordi det var mange bilar inne i tunnelen og det er det framleis, opplyser Vegtrafikksentralen. Køane sørover står frå Eidsvåg.

Kø i Bergen på E39 mot Krambua
Foto: 03030-tipser