Hopp til innhold

Musikk skal lokka døve til teiknspråkfestival

BERGEN (NRK): Arrangørane får ein halv million kroner i støtte frå kommunen, og meiner at pengane vil løfta den 50 år gamle festivalen til eit nytt nivå.

Andersland, Berhovde og Fiksen

Kulturbyråd Julie Andersland ser på festivalbrosjyrar saman med Martin Berhovde og Tor Fiksen.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Me har allereie selt 400 billettar, ca. halvparten til Amerika og Tyskland. Det er iallfall stor overvekt frå utlandet, og det er spennande, seier sekretær Martin Berhovde.

Bergen Døvesenter fekk nyleg ein halv million i støtte frå Bergen kommune for å arrangera teiknspråkfestival. Berhovde håper at støtta vil bidra til å slå rekorden på 1200 besøkande.

– Den blei sett i Bergen for 30 år sidan, så det er på tide å slå den rekorden. Det hadde vore kjekt om me klarte 1500 besøkande, fortel Berhovde.

Meir støtte enn venta

Berhovde er på plass i rådhuset saman med koordinator Tor Fiksen. Dei skal møta byråd for klima, kultur og næring, Julie Andersland (V), og takka kommunen for støtta deira.

– Me rekna med at me skulle få litt støtte, men "wow", ein halv million er utruleg mykje. No slepp me å søka støtte frå ein rik onkel, spøker Tor Fiksen.

Byråd Julie Andersland fortel at kommunen sjølvsagt ville støtta ein så flott festival med internasjonalt nedslagsfelt.

– Dette er eit veldig viktig tilbod til ei gruppe som ikkje har så stort kulturtilbod. Me ønsker at ein skal kunna oppleva kultur uavhengig av føresetnadane ein har, seier Andersland.

Julie Andersland

Kulturbyråd Andersland er glad for å støtta festivalen.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Halvvegs til hundre

Den internasjonale tegnspråkfestivalen blir arrangert av Norges Døveforbund, og har blitt arrangert rundt omkring i landet sidan 1967.

Festivalen er dermed halvvegs til hundre når det brakar laus i Bergen i august. Tor Fiksen fortel at Bergen Døvesenter har sett framover mot dette arrangementet sidan 2010.

– Me måtte sjølvsagt få festivalen til Bergen til 50-årsjubileet.

Førre gong festivalen blei arrangert i Bergen var i 2011, og Fiksen fortel at budsjettet ser ganske annleis ut denne gongen.

I år ønsker festivalen å retta seg meir mot utlandet, derfor har Martin Berhovde og Tor Fiksen reist mykje for å reklamera for festivalen, blant anna i Frankrike og USA.

Berhovde og Fiksen

Sekretær Martin Berhovde og koordinator Tor Fiksen.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Stand-up på teiknspråk

– Me vil verkeleg ta dette oppdraget på alvor, og Bergen Døvesenter har utnemnt ein eigen komite som jobbar med festivalen, fortel Fiksen.

På festivalprogrammet, som dei håper å sleppa den kommande veka, står skodespelarar, stand up-komikarar og dansegrupper frå både inn- og utland.

Festivalkveldane skal også avsluttast med fest og musikk.

Korleis blir det med musikk på ein teiknspråkfestival?

– Me er veldig forskjellige, nokre høyrer ingenting, mens andre høyrer litt. Men det som kjenneteiknar musikk for døve er gjerne høg bass. Masse, masse bass, svarer ein glisande Berhovde.