Hopp til innhold

Museet må stoppe midt i oppussinga

Regjeringa løyver ikkje pengar i statsbudsjettet til vidare oppussing av Dei naturhistoriske samlingar ved Universitetet i Bergen. – Eit soleklart løftebrot, seier Audun Lysbakken (SV)

Created by InfoDispatcher

SKUFFA: Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen seier dei no må stoppe opp midt i rehabiliteringa, utan å vite når prosjektet kan fullførast.

– Me er svært skuffa over at museet vil vere stengt og utilgjengeleg for den oppveksande generasjon i fleire år framover. Det er dårleg økonomi å etterlate dette prosjektet halvfinansiert, skriv rektor Dag Rune Olsen i ei pressemelding.

Naturhistorisk museum

IKKJE MEIR MIDLAR: Universitetet i Bergen får støtte til å fullføre oppussinga av Dei naturhistoriske samlingar.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

I dag blei det kjent at regjeringa ikkje løyver meir pengar i statsbudsjettet til vidare oppussing av Dei naturhistoriske samlingar ved Universitetet i Bergen. Det gjer at opninga av museet er utsett på ubestemt tid.

Ifølgje Olsen betyr dette at UiB må stoppe opp midt i rehabiliteringa utan å vite når dei kan starte opp att. Dette fører og til at utgiftene ved oppussinga vil bli større når siste del av oppussinga blir sett i gong.

Får ikkje støtte til å fullføre oppussinga

Dei naturhistoriske samlingar ved Universitetet i Bergen er under ei storstilt oppussing. Den fyrste delen av rehabiliteringa er fullfinansiert, men andre del av den planlagde oppussinga blir no ikkje prioritet av regjeringa.

Audun Lysbakken

– LØFTEBROT: Audun Lysbakken (SV) meiner Høgresida bryt løfta sine når dei ikkje løyver meir pengar til Universitetet i Bergen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Partileiar og parlamentarisk leiar i SV, Audun Lysbakken seier Høgre no går i mot det dei tidlegare har lova.

– Eg er kritisk til at regjeringa stoppar rehabiliteringsarbeidet på Museumsbygget ved UiB, midt i arbeidet. Høgresida lova tvert imot meir pengar til dette, og det er eit soleklart løftebrot til Bergen at Universitetet ikkje får noko no.

– Mange saknar museet

Det er dårleg økonomi å etterlate dette prosjektet halvfinansiert

Dag Rune Olsen, rektor UiB

Del to av oppussinga er ei rehabilitering av midtbygningen og nordfløya, som skal romme utstillingar og rom tilrettelagt for skuleelevar, publikum og museumsdrift.

– Dei naturhistoriske samlingar har vore stengt i eit år no og vil vere stengt i fleire år framover. Mange saknar museet. Det blir nok nokre barn i den mest kunnskapshungrige alderen som ikkje får oppleve « Dyremuseet» slik mange andre har gjort, seier museumsdirektør Henrik von Achen.

Statsbygg, som har ansvaret for gjennomføringa av prosjektet, har varsla 40 millionar kroner som oppstartsløyving for prosjektet i 2015. Heile prosjektet har ei kostnadsramme på 365 millionar kroner. Kostnadsramma er godkjent av Kunnskapsdepartementet.

21,3 millionar til Gamle Bergen

Desse musea i Hordaland får meir pengar i regjeringas forslag til Statsbudsjett:

  • Regjeringa foreslår å løyve 21,3 millionar kroner i tilskot til nytt visingssenter ved friluftsmuseet Gamle Bergen Museum, som er ei avdeling av Bymuseet i Bergen. I statsbudsjettet 2015 blir det foreslått å løyve 2 millionar kroner i startløyving for 2015.
  • Regjeringa foreslår at tilskotet til Museum Vest vert auka med 2,1 millionar kroner. Mellom anna skal pengane gå til etablering av ein ny formidlingsarena for fiskerihistorie ved museet si avdeling i Bergen.