Hopp til innhold

Steinmur raste ut i Bergen

Politiet har sperra av eit område, etter at ein steinmur raste ut i Lerkerinden i Fana.

Steinmur raste ut

STORE STEINAR: Natursteinmuren raste ut like ved innkøyringa til ein fellesgarasje.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Både politi og brannvesen rykte ut til staden, etter at bebuarar melde frå om raset klokka 12.01.

Ingen personskadar

– Det er ein forblendingsmur som har rast ut på ein parkeringsplass. Det er ikkje meldt om skadar som følgje av utrasinga, seier vaktkommandør Rune Hovlandsdal ved 110-sentralen i Hordaland til NRK.no.

Han opplyser at politiet sikrar området.

Parkeringsplassen ligg ved ei bustadblokk i Lerkerinden 117 i Bergen.

Steinane raste ut ved innkøyringa til ein fellesgarasje. Det betyr at dei som hadde bilane sine inne i garasjen, inntil vidare må greia seg utan bil.

Uvisst kvifor muren raste

Det er usikkert kva som gjorde at muren plutseleg raste ut.

– Vi veit ikkje kva som kan ha vore årsaka, seier operasjonsleiar Preben Wallestad i Hordaland politidistrikt.

Han seier det tilfeldigvis var ein geolog i området, som raskt konstaterte at muren ikkje fungerte som fundament for nokon av bygningane.

Dermed kunne politiet avslutta arbeidet sitt på staden, og det blir opp til eigarane å handtera saka vidare.

Steinmur raste ut

SPERRA AV: Politiet kom raskt til staden og sperra av området.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK