Hopp til innhold

– Fisketorget må leggast til rette for bergensaren

Byrådsleiaren og reiselivsdirektøren var mellom dei som møtte til debatt om Fisketorget og Bryggen i Bergen sentrum.

Heile Bergensdebatten frå Litteraturhuset i Bergen

SJÅ VIDEO: Sjå heile Bergensdebatten, frå Litteraturhuset i Bergen.

Turistane elskar Fisketorget og Bryggen, men stadig fleire bergensarar gir blaffen. Korleis få bergensarane til å bruka dei sentrale byromma, det var eit av spørsmåla under haustens første Bergensdebatten.

Debattserien er eit samarbeid i regi av BT Almenningen, NRK Hordaland, Bergens Tidende og Norsk Design- og Arkitektursenter. Dei som møtte i panelet var:

  • Byrådsleiar i Bergen, Ragnhild Stolt-Nielsen (H)
  • Gruppeleiar i Venstre, Julie Andersland
  • Bystyrerepresentant i Arbeidarpartiet, Geir S. Dale
  • Reiselivsdirektør Ole Warberg
  • Leiar i Bergen Arkitektforeining Jørgen Grahl-Madsen
Klipp frå Bergensdebatten.

SJÅ KLIPP FRÅ DEBATTEN: Frå venstre: Reiselivsdirektør Ole Warberg, leiar Jørgen Grahl-Madsen i Bergen arkitektforeining, Julie Andersland frå Venstre, Geir Dale frå Arbeidarpartiet og byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen frå Høgre.

– Legg til rette for bergensaren

I første del av debatten handla det om Fisketorget i Bergen. Nokre har kalla Fisketorget for ein skam, det er ein beskriving byrådsleiaren ikkje vil høyra.

– Eg blir oppgitt når ein heil handelsplass får ein slik merkelapp. Det har ikkje forhandlarane på Torget fortent. Det er ikkje med på å trekke fleire bergensarar dit, sa Stolt-Nielsen.

Julie Andersland i Venstre meiner Fisketorget må leggast til rette for bergensaren.

– Og vera ein attraksjon for byen, ikkje berre for turistane. Om det vert lagt til rette for bergensarane, så vil turistane kome av seg sjølv.

– Vanskeleg å snakka om estetikk

Ho viste til europeiske byar som Lisboa, som ifølge ho har variasjon i torgtilbodet som gjer at det vert ein møteplass. Geir S. Dale frå Arbeidarpartiet var meir nostalgisk.

– Eg trur "back to basics" kan vera ein veg å gå, slik at bergensarane får den same kjensla for Fisketorget som ein hadde før. At det var på torget ein handla fisken sin, sa Dale og la til at han tykkjer situasjonen på Fisketorget i dag «er tragisk».

Andersland var ikkje einig.

– Skal ein skapa eit torg som er leveleg også for bergensarane, så må det vera noko meir som trekk dei dit.

Leiar Jørgen Grahl Madsen i Bergen Arkitektforening meiner det er vanskeleg å snakka om estetikk når det kjem til Fisketorget.

– Torget er ikkje det det ein gong var. Det står fram meir som ein serveringsstad enn ein handelsstad. No er det nattmat, fish & chips og partytelt. Då blir det vanskeleg å snakka om estetikk, sa Grahl Madsen til eit samtykkande publikum.

– Ufortent dårleg rykte

Deretter dreia debatten seg vidare utover Vågen til Bryggen. Reiselivsdirektør Ole Warberg vil ikkje høyra snakk om ei turistfelle.

– Det er eit tåpeleg omgrep og Bryggen har fått eit ufortent dårleg rykte. Folk undervurderer opplevinga der. Det er eit mangfald av restaurantar og vi har ei av dei mest spennande konsertstadane i landet i Koengen. Vi må vera positive og byrje med å seie kva som er bra med Bryggen og så løfte oss frå det.