Hopp til innhold

Trailersjåfør måtte rygga i 54 minutt med 20 meter langt vogntog

Då Johan Eklund (25) møtte raset ved Stanghelletunnelen på E16, fekk han to val: Vent til vegen opnar, eller rygga fleire kilometer med 20 meter lang bil.

Johan Eklund møtte raset

MØTTE STENGD VEG: Her ved Stanghelletunnelen møtte Johan Eklund politisperringane. Då vart han fint nøydd til å byrje å rygge tilbake til Vaksdal.

Foto: Remi Presttun / privat

Trailersjåføren valde den lange vegen baklengs då han møtte raset.

– Eg trur ikkje eg har rygga så langt før, ler Johan Eklund.

Kom rett på raset

Han køyrer trelast til Bergen, og var på veg tilbake til Valdres med flis onsdag kveld. Men ved Stanghelletunnelen på E 16 mellom Trengereid og Dale møtte han politisperringar.

For her sperra eit stor steinras vegen.

– Då var eg jo berre nøydd til å stogga, fortel Eklund som køyrer ein trailer med totallengde på rundt 20 meter.

Tenkte først å venta

Han tenkte først at han fekk venta til det vart opna att. Men då han fekk beskjed om E16 ville vera stengd i alle fall over natta hadde han ikkje noko val.

Einaste moglegheit for å då koma seg austover, vart å køyra fylkesveg 7 om Norheimsund. Men å snu traileren skulle visa seg å ikkje vera lett.

– Ja, eg måtte jo berre byrja å rygga til eg fann ein plass eg kunne snu, ler Eklund.

Slik ser rasområdet på E16 ut fra luften

SJÅ VIDEO: Rasstedet på E16 frå lufta.

Rygga i 54 minutt

Politiet på staden meinte han måtte rygga kring åtte kilometer før han fann ein stad stor nok til at han kunne snu vogntoget.

I 54 minutt manøvrerte 25 åringen traileren på den rasutsette strekninga.

– Det blir jo mykje rygging på desse smale vestlandsvegane, så det går jo bra men det går sakte og det vart jo langt.

Han fant seg til slutt eit forbikøyringsfelt ved Fossmarki, kring tre kilometer frå Stanghelletunnelen i retning Vaksdal.

Der fekk han endeleg snudd traileren, og kunne setje kursen mot Valdres via fylkesveg 7.

LES OGSÅ: Geolog meiner det er livsfarleg å køyre E16

Tenkjer ikkje på rasfaren

Han køyrer ofte på E16 og veit om farane. Men han vel å ikkje tenka på dei.

– Eg vil eigentleg ikkje tenke på det, sjølv om eg sjølvsagt gjer meg nokre tankar. Men eg kan ikkje ha ein slik jobb om eg skal sitja å tenkja på rasfaren heile tida, det går ikkje, slår Eklund fast.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.