Motorsyklist velta

Ein motorsyklist har velta på Ulset i Åsane. Føraren, ein mann i 20-åra er medviten, opplyser politiet. – Føraren blir undersøkt av helsepersonell på staden. Han opplyser at han har sklidd og falle i vegbana, seier Arve Samsonsen i politiet.