Motorsyklist til Haukeland

Ein motorsyklist er køyrt til Haukeland sjukehus i ambulanse etter å ha vore i eit trafikkuhell med ein bil. Det skjedde på Hardangervegen på f.v. 587 ved Espeland. Det skriv politiet på Twitter. Det er rydda på staden og trafikken går som normalt.