NRK Meny
Normal

Motorsyklist i luftambulanse til sjukehus

Ein 37 år gammal mann blei skadd då ein bil og ein motorsykkel kolliderte på fylkesveg sju i Øystese i går kveld.

Mannen er innlagt på Haukeland i Bergen etter ei MC-ulykke på fylkesveg 7 i Øystese fredag kveld.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 22.14. Dei har enno ikkje fått snakke med mannen.

– Han er under behandling, så me har ikkje fått snakka med han. Det me veit er at motorsyklisten har køyrt inn i ein bil bakfrå, opplyser politiet i Hordaland til NTB.

Mannen blei sendt til sjukehus med luftambulanse etter ulukka. Ifølgje Haukeland sjukehus er den 37 år gamle mannen lettare skadd.

Bil hamna på taket

Det har vore enno ei trafikkulukke på fylkesveg 7 i natt.

Ein person er sendt til Voss sjukehus med smerter i rygg og armar etter ei trafikkulukke mellom Øystese og Norheimsund i natt.

Bilen hamna utfor vegen på taket. Førarkortet til sjåføren er beslaglagt.

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.