Hopp til innhold

Motorsykkel mot bil på Nesttun

I Nesttunvegen på Nesttun skal ein motorsykkel ha kollidert med ein bil. Ein person er sendt til legevakt for sjekk.

– Me har akkurat fått melding om ulykka, så me er på veg til staden, seier Marit Espevoll, som er operatør ved operasjonssentralen i Hordaland politidistrikt til NRK klokka 20.57.

– Me veit ikkje så mykje, men det skal vere snakk om ein motorsykkel mot ein bil, seier ho.

Sendt til legevakta

Klokka 21.05 opplyser politiet til NRK at sjåføren av motorsykkelen er henta av ambulanse.

– Han er køyrt til legevakt for sjekk, seier Lars Geitle, som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Motorsyklisten skal vera lettare skadd.

Politiet opprettar sak og vil etterforske hendinga.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold