Hopp til innhold

Fotobeviset på at han er fri

Søndag føremiddag kom dei første bileta av Kjartan Sekkingstad som fri mann. Han vart i går sett fri etter nesten eitt år som gissel hjå Abu Sayyaf-geriljaen.

Kjartan Sekkingstad

FØRSTE FOTO SOM FRI: Her er det første offentleggjorte fotografiet av Kjartan Sekkingstad etter at han i går vart slept fri frå fangenskapen.

Foto: NICKEE BUTLANGAN / Afp

Sekkingstad frå Sotra landa søndag føremiddag i byen Davao i Filippinane, der han i dag skal møta president Rodrigo Duterte.

Militærtalsmann Filemon Tan seier til NTB at Sekkingstad allereie har møtt Filippinenes fredsminister Jesus Dureza. Det skjedde i separatistgruppa Moro-folkets nasjonale frigjeringsfront (MNLF) sin leir på øya Jolo.

Denne gruppa har ei fredsavtale med styremaktene i landet, og i helga fekk gruppa overlevert Sekkingstad frå Abu Sayyaf.

– Kjartan Sekkingstad fortalte at han vart halden av ei gruppe på 300 menn og at han fekk lite mat, seier viseguvernør Abdusakur Tan til NRK. Han var i dag med då Sekkingstad vart henta og køyrd til flyplassen på Jolo.

– Ein gledens dag

Tre indonesiske gislar vart overlevert til filippinske styremakter saman med nordmannen Kjartan Sekkingstad søndag, melder nyhetsbyrået AFP.

– Dette er ein gledens dag, for alle som har jobba med saka og ikkje minst for familien her heime, seier statsminister Erna Solberg til TV2.

Ho seier at arbeidet med frigivinga av nordmannen gjekk i flere trinn, med bruk av både militært press og forhandlingar.

– Den norske ambassadøren og delegasjonen i Filippinane har mottatt Sekkingstad, og sagt at han er i god behald. Vi har ikkje vilja stadfesta dette før vi var heilt sikre på at han var i god behald, seier Solberg.

Saka blir oppdatert.