Hopp til innhold

Møter ikkje på fengslingsmøtet

36-åringen som er sikta for drapet på si eiga mor kjem ikkje til å stille på fengslingsmøtet på måndag.

Forsvarer Steinar Yndestad
Foto: NRK

- Eg har diskutert med min klient i dag, og me har kome fram til at det er lite hensiktsmessig at han møter på fengslingsmøtet, seier forsvarsadvokat Steinar B. Yndestad til NRK.no.

Les òg: – Erkjenner at han har knivstukket moren

Les òg: – Vil samarbeide med politiet

Les òg: – Kvinne (61) drept av sønn (36)

- Han treng ro

Den 36 år gamle mannen som er sikta for å ha drepe si eiga mor på Askøy fredag kveld har fått legetilsyn og ligg no på Sandviken sykehus.

- Eg vurderer det slik at min klient treng ro no. I den tilstanden han er i er det ikkje heldig at han skal transporterast via arresten på Bergen politistasjon til eit rettsmøte på tinghuset, seier Yndestad.

Politiet skal vidare i etterforskinga klargjere for 36-åringen si sjukdomshistorie.

- Det er mykje som kan tyde på at han ikkje har fått den hjelpa han har trengt, seier Yndestad.