NRK Meny
Normal

Slepp tidlegast ut torsdag: Kommunen sender inn nødhjelp

Vegen til Gullbrå opnar tidlegast torsdag. I morgon skal kommunen senda inn mat og medisinar til dei 28 isolerte innbyggjarane.

Video fra Gullbrå

SJÅ VIDEO: Private bilete frå den isolerte bygda.

Eirik Haga

KRISEMØTE: Ordførar i Vaksdal, Eirik Haga, under krisemøte på Dale i dag.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Det er konklusjonen etter at ordførar Eirik Haga i Vaksdal kommune i dag samla politiet, Statens vegvesen, kommunelegen og kommunen si kriseleiing til møte om situasjonen på Gullbrå.

28 personar har vore isolert sidan onsdag etter at det rasa over fylkesveg 344 ved Trefallstrand.

– Det er ein alvorleg situasjon, og anstrengande for dei som er råka. No byrjar det å bli tomt for forsyningar til folk og fòr til dyr, sa Haga til NRK før møtet.

– Det er hardføre folk

På møtet blei det slått fast at faren for nye ras er overhengande, og at det skal takast ein ny vurdering på om vegen kan opnast torsdag. Etatane har lagt ein plan for korleis dei skal få inn forsyningar til bygda.

– Det er hardføre folk som bur på Gullbrå, men dei treng forsyningar, dei og. Vi vil prøve å få inn matvarer og medisinar i morgon, seier ordførar Eirik Haga.

Forsyningane skal fraktast inn med helikopter eller hydrokopter over Trefallsvatnet.

Haga understrekar at det ikkje er nokon kritisk medisinsk situasjon i bygda, og fortel at skuleborna får undervisning over Internett.

SJÅ OGSÅ: Bygd i Eksingedalen isolert etter ras

Gullbrå

ISOLERT: Dei 28 innbyggjarane kan ikkje koma seg ned via fylkesveg 344 mellom Gullbrå og Brakestad grunna snøras. Stor rasfare gjer at vegen tidlegast kan opnast torsdag.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Ikkje evakuering

Før møtet sa ordføraren at han håpa vegen kunne opne i dag. No seier Haga han er glad for at vegvesenet no går vekk frå daglege vurderingar av vegen.

– Eg er glad for at ein ser så langt fram som torsdag, for det har vore frustrerande for både oss og lokalsamfunnet at ein heile tida skal ta ein ny vurdering kvar dag, seier han.

Gullbrå isolert etter ras

SNØ SPERRAR VEGEN: Eit stort snøras gjer at Gullbrå er isolert frå omverda. På biletet Anny Gullbrå, Vegard Gullbrå Tollefsen og Albert Gullbrå føre raset.

Foto: Frøydis Gullbrå

Det var onsdag 21. januar at fylkesveg 344 vart stengt ved Trefallstrand grunna eit 100 meter langt og seks/sjumeter høgt ras mellom Ekse og Gullbrå. Det har vore stor skredfare i området, så det har ikkje vore forsvarleg å starte rydding av vegen.

Før møtet i dag sa Haga at det var aktuelt å evakuere innbyggjarane, men det blir altså ikkje gjort i denne omgang.

Ordfører Eirik Haga i Vaksdal kommmune

Video: Dag Harald Kvammen Andersen/Frøydis Gullbrå. Redigering: Sigurd Hamre

– Føler seg innestengt

Ingunn Gullbrå, som bur inst i Eksingedalen, er utan vegforbindelse med omverda etter raset.

– Det er ikkje første gong det går ras akkurat der, men det er sjeldan det kjem så langt ned på vegen. Ein føler seg litt innestengt, og ein byrjar jo å tenkje på kva som kan skje, seier ho.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.