Hopp til innhold

Følg med på byrådsduell no

Kven er det som eigentleg vil samarbeida? Kva er løysinga på dei store utfordringane Bergen kommune står overfor? Følg debatten og få svar – direkte her klokka 18.45.

Martin Smith-Sivertsen (H) og Harald Schjelderup (Ap) møtes til byrådsduell i kveld.

DIREKTE: Martin Smith-Sivertsen (H) og Harald Schjelderup er mellom dei som møtes til duell på Litteraturhuset i Bergen i kveld. Sjå debatten direkte frå klokka 18.50.

Valglogo

– Det som står fram som kaos i bergenspolitikken, må me no prøva å gjera meir forståeleg, seier leiar for debatten, NRK-journalist Oddgeir Øystese.

Det har storma i politikken i Bergen dei siste vekene med byrådsavgang, ubalanse i budsjettet og med bråket rundt ordførar Trude Drevland.

Ei meiningsmåling frå InFact laga for NRK og Bergensavisen viser no at bergensarane har sviktande tillitt til bergenspolitikken.

To mot to

Politikarane blir i kveld utfordra på kva dei vil endra på om dei får makta i byen.

Det heile opnar med byrådsleiarduell mellom Martin Smith-Sivertsen (H) og Harald Schjelderup (Ap).

Debatten er eit samarbeidsprosjekt mellom NRK Hordaland og BA. Delta i debatten på Twitter under emneknaggen #vibestemmer.

Også dei andre partia sine toppkandidatar vil bli utfordra i duellar. Desse deltek:

  • Oddny Miljeteig (SV)
  • Dag Inge Ulstein (KrF)
  • Tor A. Woldseth (Frp)
  • Marte Mjøs Persen (Ap)
  • Erlend Horn (V)
  • Sofie Marhaug (Rødt)
  • Sondre Båtstrand (MDG)

– Økonomi blir eit viktig spørsmål

I går vart det kjent at Bergen kommune har eit negativt budsjettavvik på 127 millionar kroner. Leiar for debatten trur kommuneøkonomien vil bli eit heitt tema.

– Bergen kommune har meir gjeld enn nokon gong, og det vert store kutt i tenestetilbodet. Opposisjonen er oppgitte over kutta, så det vert spanande å sjå kva for løysingar dei kjem med, seier Oddgeir Øystese.