NRK Meny
Normal

Mot rekord for kjøpesentra

Rekordstor julehandel gjev truleg omsetnadssrekord for fleire av kjøpesentra i Hordaland i år.

Hordalendingane er venta å bruke i snitt 2800 kroner på julehandelen som står for døra - eller som allereie er i gang hos nokre.

Trur på rekord før jul

I år kan ein rekordstor julehandel føre til at fleire av dei største kjøpesentra i fylket set ny omsetnadsrekord.

Senterdirektør for Lagunen kjøpesenter i Bergen, Knut Eliassen, er stornøgd over at pengane rullar inn i stort tempo.

Som Norges største kjøpesenter hadde Lagunen i fjor ein omsetnad på 2,1 milliardar kroner. Eliassen trur den rekorden blir slått i år - og det allereie to veker før jul.

- Klarer vi å gjennomføre den beste julehandelen gjennom tidene, vil vi kanskje klare å omsetje for 2,3 milliardar i 2006. Og klarer vi det, kjem nok sjampanjekorkane til å sprette ekstra høgt.

- Dei siste månadane har vore fantastiske

Dei ni første månadane i år hadde kjøpesentra i Hordaland ein omsetnadsvekst på fire prosent.

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) forventar at hordalendingane kjem til å bruke seks prosent meir på julehandel i år samanlikna med fjoråret.

Senterleiar på Oasen i Bergen, Marianne Christi Nyborg, trur på rekordomsetnad.

- Dei siste månadane har vore heilt fantastiske, både for Oasen og andre kjøpesenter. Vi reknar med å omsetje for rundt 150 milliardar kroner dei siste vekene før jul, seier Nyborg.

Knut Eliassen i Lagunen forklarer framgongen til kjøpesentra på Vestlandet på denne måten.

- Noko skuldast nok vêrtypen. Elles verkar det jo som om folk har mykje pengar mellom hendene.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.