Bli lys, sa vår Herre, og det blei lys!
Så enkelt er det ikkje for BKK. For når dei seier bli lys, så slår gatelyktene i Bergen seg på sånn litt etter kvart.
- Fleire stadar slår dei seg ikkje på i det heile, seier infomasjonskonsulent Ingunn Halvorsen i BKK.
Har stolt på personsøkaren
Eksempel på en personsøker
Fram til no har BKK brukt Telenor sitt personsøkarsystem for å slå gatelysa av og på. Men sidan omtrent ingen lenger bruker personsøkarar, slår Telenor av systemet frå 1. september.
BKK har difor skaffa seg eit nytt system, som dei no slit litt med å få innkøyrt. Og dette har ført til reaksjonar frå mørkredde bergensarar.
- Vi har fått ein del telefoner, ja. Det er bra, for det gjer det mogeleg for oss å rette opp feila, seier Ingunn Halvorsen.
BKK reknar med at det nye systemet vil fungere som det skal i løpet av nokre veker.