Hopp til innhold

Mor og to døtrer sjuke: – Russisk rulett å bu her

ASKØY (NRK): Silje Gulengs dotter har nedsett immunforsvar og blei sjuk etter å ha drukke vatn frå springen. Minst 100 skuleelevar er sjuke.

Guleng

BLEI SJUKE: Silje Guleng og to døtrer er sjuke etter smitten som truleg stammar frå høgdebasseng like i nærleiken av huset.

Foto: ODDGEIR ØYSTESE / NRK

Guleng har òg drukke vatn og er sjuk. To av døtrene er dårlege. Den eine har ein kronisk sjukdom som inneber at immunforsvaret er redusert.

– Ho har vore veldig sjuk dei siste dagane og har vore på legevakta. Så blei den yngste dottera vår Benedikte dårleg, vi trudde først det var omgangssjuke, fortel Guleng.

Guleng 2

HEIME: Benedikte Guleng heldt seg òg heime i dag etter å ha drukke vatn frå springen på Øvre Kleppe på Askøy.

– Kjenner meg utrygg

Familien bur ikkje langt frå høgdebassenget på Øvre Kleppe der Askøy kommune no trur E. coli-smitten stammar frå.

Eit femtital menneske er registrert sjuke. Eit eitt år gammalt barn har mista livet, og Fylkeslegen mistenkjer at dødsfallet skuldast ein bakterie eller virus i drikkevatnet frå Kleppe på Askøy.

– Det er russisk rulett å bu her. Vi vurderer å flytte, seier Guleng til NRK.

– Eg kjenner meg utrygg som mor. Når du har eit barn med nedsett immunforsvar, er eg usikker på om det er trygt for oss å bu i denne kommunen lenger, seier ho.

Områdekart Askøy
Grafikk: Joakim Digernes-Nordström

Mange kokevarsel

Ho har vore lokalpolitikar for SV i 15 år. Og ho har jobba som pumpe- og driftsoperatør innanfor vatn og avløp i Bergen i mange år. Lenge har ho varsla om at Askøy kommune må gjere meir for å sikre vasskvaliteten på øya.

– Vatn- og avløpssystemet på Askøy er minst 20 år forelda. Kleppe vassverk er ikkje dimensjonert til å gje vatn til så mange menneske som bur her no. Vatnet får for kort tid gjennom sandfiltera fordi det må hentast ut fortare enn før, seier Guleng.

Vassreservoara på øya er ikkje kopla saman. Det har ført til stadige krav om vassparing på søre Askøy dei seinare åra, medan den nordre delen kan bade i drikkevatn. Problema ved Kleppe vassverk har vore mange og omfattande dei seinare åra. Her er nokre døme:

  • september 2012: 8000 personar fekk kokevarsel på grunn av driftsproblem.
  • september 2014: kokevarsel.
  • juni 2016: delar av Askøy var utan vatn. Tørr sommar.
  • mars 2017: 15.000 som får vatnet frå Kleppevatnet, fekk kokevarsel.
  • sommaren 2018: vasskrise heile sommaren.
  • oktober 2018: to kokevarsel.
Hamstret vann

HAMSTRA VATN: Terje og Marit Nesse frå Follese på Askøy har handla vatn. Dei fekk kokevarsel torsdag og er leie vassituasjonen. – Det er heilt tragisk. Rett og slett. Så no har vi storhandla, seier Marit Nesse.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Redde skuleelevar

På Kleppestø ungdomsskule var vassproblema samtaletema i ein heil skuletime fredag. Synne Nynes går i 10. klasse og seier elevane er redde.

– Det er vanskeleg å konsentrere seg om skulen og skulearbeid. Fleire i klassa har vore sjuke, seier Nynes.

Ho kan ikkje drikke vatnet på skulen. Anten må dei kjøpe i kantina, eller ta med heimanfrå.

– Vatnet i kantina er dyrt, og ein må ha eit kantinekort som ein må fylle pengar på, seier Nynes.

Synne Nynes

INFORMERT: Synne Nynes fortel at klassen på Kleppestø ungdomsskule fekk times vassundervisning fredag.

Foto: PRIVAT

100 sjuke

På Kleppe skule er også mange av elevane ramma av sjukdom. BA skriv at 70 av dei 338 elevane som går der er heime.

Rektor Hilde Sundve Jordheim seier til avisa at det har vore mange sjuke ungar dei siste dagane, men at det fyrst er i dag, fredag, dei forstår alvoret. Med ein gong ein elev kjenner seg dårleg og blir kvalm, sende me vedkomande heim, seier ho.

På Kleppestø barneskole fortel rektor Svanhild Andersen at rundt 30 elevar var sjuke i dag.

– Det er meir enn normalt, vanlegvis må det gå omgangssjuke i området for at så mange skal vere borte, seier Andersen til NRK.

På skulane i Hetlevik og Strusshamn, som ligg lenger borte, men som òg får vatn frå Kleppe vassverk, har det vore normalt fråvær i dag.

Nytt fjellbasseng Øvre Kleppe

FORSEINKA: Dette høgdebassenget på Dyrdalsfjellet skal erstatte det gamle som ein no true var kjelda for smitten. Men utbygginga av anlegget har vorte forseinka.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Gav ungen vatn

Pernille Hamre har ein 11 månadar gamal gut som har vore sjuk i fleire dagar. Fyrst torsdag kveld fekk ho sms-varsel frå Askøy kommune.

– Han har hatt feber, avføring mellom 15 og 20 gonger i døgeret og var veldig slapp. Det paradoksale er at me pøsa på med vatn, slik ein får råd om i slike situasjonar, seier ho.

Med ein gong dei fekk varsling, reiste dei til lege med guten. Han er nå på betrings veg og er feberfri. Også Pernille sjølv og mannen er dårlege og spring ofte på toalettet.

– Veldig mange i nabolaget mitt er sjuke nå, det er skremmande.