NRK Meny
Normal

Mopedist påkøyrd - sjåfør skal ha stukke av

Mopedist hamna i asfalten etter møte med varebilen ved Skjoldskiftet. Politiet var lenge usikre på kven som køyrde bilen.

Ulykke i Skjoldsskiftet mandag formiddag.

Naudetatane fekk melding om ulukka like før klokka 10.00.

– Det er ein ung mopedførar som er køyrt på av ein varebil, bekreftar operasjonsleiar Jan Steimler til NRK.

Ambulansen vart sendt til staden.

Skal ha stukke frå staden

Skader på varebil etter sammenstøt med mopedist på Skjoldskiftet i Bergen

Varebilen har fått knust lyktene og blitt bulka i samanstøyten med mopedisten.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

– Han skal ha fått skader i ein fot, men kor alvorleg det er veit vi ikkje. Han er i alle fall vaken, seier Steimler.

På Twitter melder politiet at føraren av varebilen skal ha stukke frå staden. Mopedisten skal vera 17 år gamal.

Like før klokka 11.00 fortel Steimler at dei er usikre på kven som har køyrt bilen og om føraren i det heile tatt stakk av.

– Det er ingen vitne der oppe som har sett nokon springe frå staden. Men vi er i kontakt med bileigar, som plutseleg dukka opp ved ulukkesstaden. Så det er noko som ikkje heilt stemmer.

Tatt inn til avhøyr

– Vi undersøker om det kan vera bileigar som har vore sjåfør. Han er kjent for oss frå før av, utan at eg kan gå inn på kva forhold det gjeld, seier Steimler.

Klokka 12.00 har politiet tatt eigaren av varebilen inn til avhøyr på Bergen sør politistasjon.

– Det er noko som ikkje stemmer med forklaringa hans, så vi mistenkjer at han sat bak rattet då ulukka skjedde.

Lettare skadd

Mopedisten har fått lettare skader. Han skal ifølge politiet ha brukke ein eller fleire tær og får tilsyn av lege.

– Vi ser svært alvorleg på slike ulukker som dette, der det kan vere at ein sjåfør har stukke frå staden. Vi kjem til å jobbe for å finne ut kven det var som køyrde bilen, fortel innsatsleiar Kaspar Kaland.

Moped som vart påkøyrd ved Skjoldskiftet

FRAKTA VEKK: Mopeden har fått litt medfart i kollisjonen og vart frakta vekk av bergingsbil.

Foto: Sigurd Hamre / NRK
Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Liv Holmefjord og Torbjørn Lorentzen følger 1000-meteren på skøyter i OL fra Fana IL sitt klubbhus på Nesttun i Bergen.
Programleiar: Mariann Reikerås
Programleiar: Mariann Reikerås