Hopp til innhold

Mopedførar skadd i ulukke

Tre køyretøy var involvert i ulukka.

Politiet melder at ulukka skjedde då eit vogntog skulle skifta køyrefil. Vogntoget trefte ein bil som vidare vart dytt i ein moped.

Dette skjedde på Danmarksplass i 15-tida i ettermiddag.

Mopedføraren vart frakta til akuttmottaket på Haukeland Universitetssjukehus. Skadeomfanget er ukjent.

Føraren av peronbilen vart frakta til legevakten for sjekk.

Føraren av vogntoget vart fråteken førarkortet.