Hopp til innhold

Moped køyrde over fot

Det var ein moped, ikkje ein motorsykkel, involvert i ulukka på Bømlo, opplyser politiet. Ei 13 år gamal jente skal ha falle av ein moped som var del av eit større følge mopedar. Mopeden jenta sat på, blei påkøyrd i samband med at føraren svinga. 13-åringen blei kasta av. Deretter køyrde mopeden bak over foten hennar. – Det skal ikkje vera snakk om alvorlege skader. Me undersøker vidare, og vil vurdera å oppretta politisak. Me vil også sjekka om dei involverte har lov å køyra moped, seier operasjonsleiar Brit Randulff ved Sør-Vest politidistrikt.