Hopp til innhold

Mons Ivar Mjelde: – Eg har framleis ambisjonar

LA MANGA (NRK): Brann sin tidlegare gulltrenar har flytta heim. No vil han reisa eit byggverk sterkt nok for Eliteserien i bydelsklubben Åsane.

Mons Ivar Mjelde på treningsfeltet på La Manga

«STEIN PÅ STEIN»: – Det er ein metafor for at byggverket helst skal vera solid. Vi vil at Åsane skal bli ein klubb som står støtt, proklamerer Mons Ivar Mjelde.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Mons Ivar Mjelde sitt mest kjende sitat frå tida som Brann-trenar er «stein på stein». Og 49-åringen frå Osterøy meiner det same uttrykket passar bra om jobben han no skal gjera for raudtrøyene sin oransje veslebror i nordre bydel i Bergen.

– Det er ein metafor for at byggverket helst skal vera solid. Vi vil at Åsane skal bli ein klubb som står støtt, proklamerer Mjelde overfor NRK.

Vi treff Åsane-trenaren på La Manga, der klubben er på treningsleir nokre veker før førstedivisjonssesongen blir sparka i gang.

Tysdag fekk han sjå spelarane sine spela 0-0 i ein forblåst kamp mot Elverum, som midtstoppar Eirik Wollen Steen ikkje heilt såg nytta av. Utan at det legg nokon dempar på Mjelde sine forhåpningar til storleiken på det framtidige byggverket.

Ambisjonar

Sist han bygde stein på stein, tok 49-åringen frå Osterøy gull med Brann.

Spørsmålet er kor høgt han kan byggja i Åsane, etter at den første tida i klubben handla om å roa ned bråket som oppstod då den førre trenaren måtte slutta.

Mjelde meiner opprykk til Eliteserien er eit naturleg mål – men er usikker på om Åsane er klare for det allereie no.

– Det er ikkje lenge sidan klubben måtte tilpassa seg eit liv i Obosligaen. Vi må passa oss for ikkje å gapa over for mykje, seier Mjelde.

Brann - Odd Grenland

IKONISK: Biletet av Mjelde som hindrar Erlend Hanstveit i å kjefte på seg et gult kort etter 4-0-seieren mot Odd i september 2007 blei på mange måtar et symbol for gullsesongen.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Ettermælet hans frå Brann har delvis blitt forureina av påstandar om at klubben kjøpte seg til det historiske gullet i 2007, med fleire spelarar som var dyre i innkjøp og drift.

Det har Mjelde neppe mogelegheit til, og heller ikkje lyst til, å kopiera i Åsane.

– Vi må ikkje setja økonomien på spel for å oppnå sportsleg suksess.

– Heilt spesiell tid

Åsane har rett nok god hjelp av mangemilliardæren Trond Mohn, som er kjend for å sponsa Brann og Tromsø, men i bydelsklubben er det i hovudsak anleggsutvikling filantropen bidrar til.

Denne veka er Åsane saman med mellom andre gamleklubben Brann på La Manga. Mjelde brukar ikkje mykje tid på å tenkja tilbake på åra på Brann Stadion.

– Den tida var heilt spesiell. Det er nok noko eg aldri får oppleva att. Men mykje er likt uansett kvar du er. Førebuingane før kamp, kjensla av å byggja eit lag, og kjensla av meistring, seier den tidlegare måltjuven.

Mons Ivar Mjelde på La Manga

HAR AMBISJONAR: – Eg har framleis ambisjonar som trenar, seier Mons Ivar Mjelde.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Avviser nedtrapping

Mons Ivar Mjelde har no flytta heim til Osterøy, og kan pendla over fjorden til Åsane, etter trenarjobbar i Start og Fredrikstad.

Det betyr at familien får meir ro, men 49-åringen avviser at han er i ferd med å trappa ned trenarkarrieren.

– Kva om du på ny skulle få tilbod om jobben som Brann-trenar?

– Nei, det har eg ikkje tenkt på. Eg har framleis ambisjonar som trenar, men det er ei tid for alt.