Hopp til innhold

Monika-saka har svekka arbeidskapasiteten til politiet

Politiet i Bergen sende langt færre straffesaker til domstolen første kvartal i år samanlikna med i fjor.

Politihuset i Bergen
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– I første kvartal 2014 fekk vi tilsendt 213 straffesaker, medan vi i år har fått 150 saker. Det er ein betydeleg nedgang i innkomne straffesaker i år og det uroar oss, seier sorenskrivar Kari Johanne Bjørnøy i Bergen tingrett til NRK.

Skal ho sørge for ein forsvarleg administrering av strafferettssaker ved domstolen, er ho avhengig av ein jamn straum av ferdig etterforska saker frå politihuset i Bergen.

Då Grunnlova vart revidert i fjor, vart det tatt inn at alle skal få behandla si sak i domstolen innan rimeleg tid.

Det har vore mykje negativ merksemd som vi trur har verka inn på effektivitet og produksjon.

Gunnar Fløystad, sjef for påtaleeininga i Hordaland politidistrikt

Nedgang på 30 prosent

Kari Johanne Bjørnøy

Sorenskrivar Kari Johanne Bjørnøy er uroa for at det kjem eit skred av straffesaker frå politiet seinare i år.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Den dramatiske nedgangen i straffesaker sendt frå politiet i Bergen er på 30 prosent. Bjørnøy vil ikkje spekulera i kva som er årsaka.

– Det er ingen grunn til å tru at det er nedgang i kriminaliteten, elles hadde vi jo vore nøgde med dette. Vi er uroa i den forstand at det kanskje vil kome eit skred av saker på eit seinare tidspunkt.

Gunnar Fløystad er sjef for påtaleeininga ved Hordaland politidistrikt. Han seier 2014 var eit rekordår i talet på ferdig etterforska straffesaker.

– At det har innverknad på tala i år, det er ikkje til å legge skjul på, seier Fløystad.

Storm rundt politiet

Men sidan i haust har det storma rundt politidistriktet, etter at ein 33 år gamal mann frå Litauen vart arrestert og sikta for forsettleg drap på åtte år gamle Monika Sviglinskaja.

Dødsfallet til åtteåringen vart først lagt vekk av politiet som sjølvdrap. Etter at saka vart opna igjen har Hordalandspolitiet fått kraftig refs av både Riksadvokaten og Spesialeininga for alvorlege feil i den opphavlege etterforskinga.

Vedgår at negativt fokus har påverka

Gunnar Fløystad

Gunnar Fløystad, sjef for påtaleeininga i Hordaland politidistrikt

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Dei tre første månadane i 2015 har vore tunge, innrømmer Fløystad ovanfor NRK.

– Det har vore mykje negativ merksemd som vi trur har verka inn på effektivitet og produksjon.

Men tal frå første kvartal i år ligg ikkje berre langt under tala for 2014, men også godt under tala for første kvartal i 2013.

– Det er veldig viktig at vi no ikkje går inn i ein trend som varer for lenge, men at vi snart klarer å komme ovanpå igjen og bli meir effektive.

Vil bygge opp igjen tilliten

Leiar for Politiets Fellesforbund i Hordaland, Kjetil Rekdal, bekreftar at energien og arbeidskapasiteten på politihuset er svekka av Monika-saka.

Han seier årsaka til at langt færre straffesaker er meldt til domstolane i år kan vera samansett, men vedgår politiet er inne i ein vanskeleg situasjon.

– Det er ikkje kjekt å ha så mykje negativt fokus. Vi håpar å få snudd dette slik at vi kan sjå framover og bygge opp igjen tilliten som openbart er svekka.