Hopp til innhold

Politisk drama i Sveio

Monica Valen (Sp) vert likevel truleg ikkje ordførar i Sveio. Grunnen er at to av Høgre sine nyinnvalde representantar har meldt seg ut av partiet. Dermed er det ikkje fleirtal for avtalen mellom Høgre, Sp, Mdg og KrF, som sikra at Valen vart ordførar. I ein video på Facebook beklagar Høgre sin toppkandidat Lars Einar Hollund det som har skjedd, skriv Haugesunds Avis.