NRK Meny
Normal

Mongstad evakuert etter lekkasje

Alle tilsette er no tilbake på jobb etter at det blei oppdaga gasslekkasje ved landets største oljeraffineri på Mongstad. – Lekkasjen er stansa og faren er over, seier Statoil i ei pressemelding.

Mongstad

STORT ANLEGG: Oljeraffineriet på Monstad er det største i Noreg.

Foto: Kyllingmark, Chris / SCANPIX

– Heldigvis er situasjonen no avklart, og det betyr at alle tilsette har fått gå tilbake til sine arbeidsoppgåver, seier informasjonssjef Morten Eek til NRK.no.

Klokka 12.45 kom meldinga om at anlegget måtte evakuerast på grunn av ein lekkasje.

Klokka 14.30 meldte Statoil i ei pressemelding at dei hadde stansa lekkasjen.

– Alltid alvorleg når slike ting skjer

Kor alvorleg var situasjonen?

Alle situasjonar der vi har lekkasjar av gass ut i friluft ved eit raffineri er alvorlege. Derfor har vi svært låg terskel for å evakuera, seier Eek.

Til saman blei 317 personar evakuerte ved oljeraffineriet på Mongstad då gassalarmen gjekk.

Kva skjer på mongstad no?

No er ein i ferd med å gå tilbake til normalen. Dei som blei evakuerte utanfor gjerdet har komme inn igjen på området, og der vil vi briefa folk på hendinga. Deretter går vi inn i ein fase der vi prøver å finne ut kva som skjedde.

Fekk lekkasjen i dag konsekvensar for produksjon?

– Nei, produksjonen har ikkje blitt påverka. No gjeld det å finna ut av årsaka til lekkasjen, og det er enno litt tidleg å vite, seier Eek.

Over 300 på anlegget

– Det er snakk om ein hydrokarbondamplekkasje i ein ventil. Då følgjer me den vanlege instruksen. Me mobiliserer beredskapsteam og mobiliserer innsatsressursar ved brannvesen og andre, sa Eek til NRK.no då anlegget blei evakuert tysdag føremiddag.

På dagtid jobbar det normalt mellom 300 og 400 personar ved anlegget. Petroleumstilsynet og naudetatane er varsla om hendinga.

– Me har førebels ikkje fått tal på kor mange som er evakuerte, seier informasjonssjefen i 14-tida.

Totalt 317 personar vart evakuert etter lekkasjen, skriv Statoil på sine heimesider. Heile beredskapsorganisasjonen vart etablert då lekkasjen vart oppdaga.

Politi og brannvesen ikkje involvert

Statoil melder at dei no skal undersøke årsaka til lekkasjen.

NRK.no har vore i kontakt med både brannvesen og politi, men ingen av naudetatane er kontakta av Statoil. Dei har dermed ikkje rykka ut til raffineriet i Nordhordland, og Statoil handterer evakueringa på eiga hand.

Produksjonsanlegget på Mongstad består av mellom anna eit oljeraffineri, ein råoljeterminal og verdas største teknologisenter for CO2-handsaming. Raffineriet er det største i Noreg og har ein kapasitet på nærare tolv millionar tonn råolje kvart år.

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.