Trond Mohn varsla i dag at han gir fem millionar kroner til TIL, melder avisa Nordlys.
Torsdag ettermiddag inviterte Kjell Kolbeinsen og Tromsø til pressekonferanse på Alfheim i Tromsø.
Pengane er overført
Forretningsmannen Trond Mohn er ein av Noregs rikaste menn, og har i mange år vore kjend som ein av idrettens største bidragsytarar.
Det var Kjell Kolbeinsen, ein nær venn av Trond Mohn, som varsla om pengegåva på pressekonferansen i dag.
- LES OGSÅ:
– Trond Mohn har gitt fem millionar kroner til kjerneveksemd i TIL. Pengane skal berre gå til det me kallar sporten, og har ingenting med administrasjon å gjere, sa Kolbeinsen.
– Pengane er allereie overført til Klubben, fortsatte han.
– Stengde pengesekken for Brann
Tysdag denne veka uttalte Trond Mohn til Bergensavisen at det er uaktuelt å gi Brann fleire milliongåver til spelarkjøp, fordi han kjende seg dårleg behandla.
– Nei, sånn eg har blitt behandla når eg gir pengar til Brann, kan fansen berre gløyme det, sa Mohn til BA.
- LES OGSÅ:
Samla har Trond Mohn gitt fleire titals millionar kroner til spelarkjøp for Brann. Men det er ikkje berre Bergen som fått gåver frå Mohn. Forretningsmannen har gitt mange millionar kroner til forskjellige idrettsanlegg og klubbar rundt om i landet.
Han har mellom anna ei godt forhold til Tromsø IL, og har ved flere høve gitt klubben store pengegaver