Hopp til innhold

Englandsdraumen oppfylt: – Eg vart heilt paff

Landslagskaptein Maren Mjelde (27) brukte ikkje lang tid på å bestemme seg då Chelsea viste fram fasilitetane sine i London.

Maren Mjelde i Chelsea

MOTIVERT: Maren Mjelde (27) er klar for Chelsea og svært motivert for å starte profflivet, her på plass i England.

Foto: Chelsea Football Club

Denne veka vart bergensar og landslagskaptein Maren Mjelde (27) klar for Chelsea Ladies FC. Klubben siktar seg til toppen av både engelsk og europeisk kvinnefotball, og har følgt 27-åringen i fleire år.

I sommar tok dei kontakt og inviterte Mjelde på besøk. Etter å ha sett dei enorme ressursane som den engelske storklubben kan by på, bestemte ho seg raskt.

– Eg vart heilt paff. Dei viste fram eit opplegg og fasilitetar som mange berre kan drøyme om. Mellom anna har dei 35 baner inne på området som heile klubben nyttar seg av. Det var lett å sei ja, seier Mjelde til NRK på telefon frå Tyskland.

Laster Twitter-innhold

Flyttar på nyåret

Her er ho på landslagssamling før kampen mot OL-meistrar Tyskland på tysdag.

Mjelde har skrive under ein kontrakt som strekkjer seg til 2018. På nyåret flyttar ho til London, og tek med seg sambuar og hund.

– Eg er veldig glad og nøgd med å skrive under for Chelsea. Eg har prøvd meg i utlandet før, men no er eg meir klar enn nokon gong før, seier 27-åringen med erfaring frå svenske Göteborg og tyske Turbine Potsdam.

Det er mykje som fristar med London og England for Mjelde. Ho ser fram til å oppleve den sterke fotballkulturen på nært hald.

– England har tidlegare kanskje vore gutane sin draum, men no har det opna seg gode moglegheiter sidan den engelske kvinneligaen berre blir betre og betre. Og det finst ikkje eit betre land å bu i når det gjeld fotball.

Toppserien fotball 2016: Avaldsnes - Stabæk.

TIL ENGLAND: Maren Mjelde i aksjon for Avaldsnes. No byter ho ut Karmøy til fordel for storbylivet i London.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Motivert

Målsettinga hennar er å utvikle seg vidare som fotballspelar og vinne trofear. I London ligg alt til rette for at karrieren kan skyta ytterlegare fart.

– Dei ynskjer å satsa i Europa og yppe seg mot dei beste der. Det gir veldig motivasjon og eg kjenner allereie no at eg gler meg til å koma i gang. Det er vanlegvis ikkje ei kjensle ein har rett etter sesongslutt.

FA Womens Super League startar 2017-sesongen i mars.

Mjelde meiner ho kan bidra med mykje erfaring til Chelsea-laget. Ho kan spele både på midtbana og som stoggar. Klubben sjølv er strålande nøgd med å henta bergensaren over frå Avaldsnes.

– Vi har leita etter ein spelar som kan tilføre oss leiarskap og erfaring. Ho har erfaring frå tre europeiske ligaer og passar perfekt, seier manager Emma Hayes til klubbens eigne nettsider.

Maren Mjelde på Stamford Bridge

STAMFORD BRIDGE: – Dei ynskjer å satsa i Europa og yppe seg mot dei beste der, seier Mjelde om den nye klubben.

Foto: Chelsea Football Club