Hopp til innhold

Mjelde angriper Brann-kritikarane

Brann-trenar Mons Ivar Mjelde går ut mot dei som har kritisert Brann i serieopninga. Mjelde meiner media har vore urimeleg harde mot raudtrøyene.

– Det inntrykket ein sit med i Fotball-Noreg, er at Lillestrøm har hatt ein kanonstart på sesongen med 17 poeng, medan Brann har hatt ein dårleg start med 17 poeng, seier Mjelde.

 

 

Kva er det viktigaste? Poeng eller festfotball? Eg veit i alle fall kva eg føretrekk.

Brann-trenar Mons Ivar Mjelde

– Lillestrøm er oppskrytt - sjå nett-tv!  

 

Mons Ivar Mjelde sender avgarde nokre verbale vristspark mot dei som har kritisert Brann fram til no i sesongen.

– Det er greitt at vi ikkje har vore nøgde med spelet vårt i alle kampar, men det verkar rart for meg at vi kan ha vore så mykje dårlegare enn Lillestrøm når vi faktisk er à poeng.

Han avviser likevel at kritikken frå "forståsegpåarane" går inn på han og laget.

– Dette går knapt nok inn det eine øyret og direkte ut att det andre, seier Mjelde til NRK.

– Kva er det viktigaste? Poeng eller festfotball. Eg veit i alle fall kva eg føretrekk, spør og svarar han sjølv.

– Beste toppnivået 

Brann og Lillestrøm møtast til toppkamp i eliteserien på Brann Stadion sundag kveld. Før oppgjeret står begge laga med like mange poeng i toppen av tabellen.

Mjelde sjølv har ei fotballfortid som spelar i begge klubbane. I 1993 vart han toppskårar i eliteserien for nettopp Lillestrøm.

Mjelde meiner dei to topplaga har spelt den beste fotballen så langt i 2007-sesongen.

– Brann har vist det beste toppnivået, medan Lillestrøm har vist det høgaste botnnivået, seier Mjelde.

– Lillestrøm har svinga litt mindre enn oss, men vi har plukka like mange poeng, held han fram.

SJÅ ALLE BRANN-MÅLA 2007 I NETT-TV!

 

LSK-trenar Tom Nordlie på si fotballside ventar naturleg nok ein tøff kamp i Bergen sundag.

– Det vert tett og tøft. Stadion er utseld, så det vert ein fest, seier Nordlie.