Hopp til innhold

Fengsla i fire veker for ransforsøk

Politiet fann fingeravtrykka til den mistenkte i leilegheita til 90-åringen. – Han forstår ikkje korleis dei har hamna der, seier forsvararen.

Trond Eide

Politiadvokat Trond Eide

Foto: Runa Victoria Engen

Ein 32 år gamal mann frå Libya vart fredag framstilt for varetekstfengsling, etter at han saman med ein anna mann skal ha forsøkt å rane ei 90 år gamal kvinne i Bergen 21. august.

Det skriv Bergens Tidende fredag.

Den 90 år gamle kvinna utløyste tryggleiksalarmen og politiet rykka ut. Ho forklarte at to personar hadde dytta ho vekk, tatt seg inn i leilegheita og romstert rundt.

Fingeravtrykk på veske

Torsdag vart den libyske mannen arrestert på gata i Bergen. Det sterkaste beviset politiet har mot han, er fingeravtrykk som vart funne inne i leilegheita.

– Det var fingeravtrykk som stammar frå 32-åringen på ei veske som høyrer til kvinna, forklarar politiadvokat Trond Eide til BT.

Men mannen nektar all kjennskap til saka, og hevdar han har vore heime med kona si då ransforsøket skjedde, ifølge forsvarar Steinar Yndestad.

– Han forstår ikkje korleis dei har hamna der.

Fengsla i fire veker

Retten fengsla 32-åringen i fire veker med brev og besøksforbod. Den andre mannen som skal ha vore med på ransforsøket har politiet ikkje fått tak i.