NRK Meny
Normal

Død mann funnen i hage - mann sikta

Ein mann er funnen død på Minde i Bergen. Politiet karakteriserer funnet som mistenkeleg. Ein mann er arrestert og sikta for legemsskading med døden til følgje.

Mistenkelig dødsfall på Wergeland

LÅG DØD I HAGE: Den vaksne mannen blei funnen i hagen i Wergelandsalléen på Minde av ein tilfeldig forbipasserande.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Politiet fekk melding om funnet av den døde personen klokka 09.40 i dag tidleg. Meldinga skal ha kome frå ein tilfeldig forbipasserande.

Sikta for legemsskading

Mistenkeleg dødsfall Minde

FUNNEN I HAGE: Mannen vart funnen liggjande i hagen ved eit hus i Wergelandsalléen på Minde torsdag føremiddag.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– Vi karakteriserer det som eit mistenkjeleg dødsfall. Det er for tidleg å konkludere med kva dødsårsaka kan vere, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes til NRK.

Mannen vart funne utanfor ein bustad på Wergeland, sør for Bergen sentrum.

Ein person er arrestert og sikta for legemsskading med døden til følgje, bekreftar politiet til NRK. Mannen skal vere knytte til den aktuelle adressa.

– Har sperra av åstaden

Andrew Keegan

NABO: Andrew Keegan som bur i nabohuset seier at mange utlendingar budde i huset.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

– Politiet har fryst åstaden og sperra av plassen. No skal vi avhøyra alle som kan ha tilknyting til staden og området rundt, seier seksjonsleiar Rigmor Isehaug ved Bergen sentrum politistasjon til NRK.

Isehaug seier politiet ikkje veit noko om relasjonen mellom offeret og den sikta mannen.

– Vi er heilt i innleiing av etterforskinga. Vi veit heller ikkje nøyaktig kor tid dette har skjedd, seier Isehaug.

Ho ber folk som kan ha opplysningar om saken om å ta kontakt med politiet.

Politiet etterforsker det som kan være et nytt drap i Bergen.

BER OM VITNE: Seksjonsleiar Rigmor Isehaug ved volds- og sedelighetsseksjonen på Bergen sentrum politistasjon ber folk melda seg om dei har høyrd eller sett noko mistenkjeleg i området.

Bt.no: – Fann blod i seng

Politiet har sat opp sperringar på eit stort område rundt bustaden. Kriminalteknikarar er på staden og gjer undersøkingar.

Ifølgje bt.no har dei funne blod i ei seng i huset.

– Vi er i ein tidleg etterforskingssaka og har enno ikkje nokon sikker identitet på vedkommande, held Eidsnes fram.

– Slåsting og bråk

Andrew Keegan bur i nabohuset. Han fortel at det budde mange folk i huset, og at det tidvis var bråk og slåsting.

– Det var litt uvanleg å sjå ut vindauget og sjå mange politifolk. Politiet fortalde at naboen til den avdøde fant mannen, seier Keenan.

– Kven bor i det huset?

– Det er mange austeuropearar som bur i huset. Nokre bur der lenge, medan andre bur der i kort tid. Det er ganske rare ting som går føre seg i det huset. Mange rare folk midt på natta. Av og til er det litt slåssing og bråk, ikkje mykje, men nok til at vi merkar det, seier Andrew Keegan.

Ein annan nabo fortel til NRK at mykje rart gjekk føre seg i huset.

– Det har vore mykje bråk der tidlegare. Eg har vore redd for å gå forbi huset, seier ho.

Laster kart, vennligst vent...

NRK oppdaterer saka

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo